- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
83

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIII. Paa tridje aaret

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

83
kande i dei, og han kunde ikkje koka
i dei.
So var det ein dag han hadde gjort upp
ein stor eld og steikt eit stykke gjeitekjøt og
bar ut oska etterpaa. Daa fann han eit brot
av ei leirpotta som hadde lege der i elden og
vorte raudt og hardt som stein. Men naar
eit brot vart hardt i elden, so maatte vel
heile krukkor og pottor kunna verta harde!
Han hadde ingen tanke um korleis dei brende
krusety eller fekk det til aa verta glas-slege;
han fekk berre prøva seg fram og freista
lukka. So tok han tri store leirkrukkor og
sette dei attmed einannan uppaa nokre pottor.
Rundt ikring lødde han upp med ved, og
innunder la han ein haug med gløder. Veden
tok snart til aa brenna, og Robinson stod og
rakte i elden med ein paak og la paa meir
ved etterkvart. Daa var det ikkje rett lenge
fyrr krukkorne for til aa raudna inni elden.
I heile fem-seks timar heldt han paa so
leis og steikte paa dei. Men sistpaa tok elden
til aa verta altfor sterk. Sanden som var
blanda saman med leiret smelta til glas i den
eine av pottorne. Daa skyna han at dei var
brende nok. Men han vaaga ikkje aa taka
dei ut or elden med ein gong. Dei kunde
snart springa sund, naar dei kolna for snøgt.
Han let elden og gløderne minka smaatt um

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0085.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free