- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
87

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIV. Robinson byggjer baat

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

87
var heller ikkje reint uraad at der kunde bu
skikkelegt folk, og daa skulde det vera gildt
um han ein gong kunde koma yver til dei.
Di lenger han tenkte paa dette, di mindre
rædd vart han for dei ville folki, og han tok
snart til aa gruvla paa koss han skulde faa
seg ein baat og koma yver havet.
Den baaten dei hadde freista aa berga
seg paa, daa skipet gjekk under, hadde drive
upp paa land ein stad lenger burte paa øyi
og laag der enno inni ein sandbank. Robinson
gjekk stad og saag paa han ein dag og freista
aa grava ’n ut or sanden og faa han ned til
fjøra. Men baaten var for stor og tung. Det
var uraad aa raa’ med han eller faa han av
flekken. Han maatte lata han liggja.
Men baat vilde han no plent ha seg, og
so tok han til aa tenkja paa um det ikkje
skulde vera ei raad aa laga seg ein baat av
ein stor trestokk, liksom indianarane gjorde
burti Brasilia. Det maatte endaa vera mykje
lettare for honom hell for dei ; for han hadde
betre verkty aa hjelpa seg med.
Han fann seg eit stort sedertre og tok
straks paa med arbeidet. Treet var yver fem
fot i tvermaal nedmed roti og jamt tjukt og
heilt uppetter til yver ljuge fot yver marki.
Det maatte vera meir hell stort nok til baat.
Det tok nokre vikor berre aa hogga det enda.
So hogg han stokken til og hola ’n ut med

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0089.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free