- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
99

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XVII. Robinson fangar gjeiter

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

99
Soleis gjekk tidi og aari, og han hadde
alt vore her paa øyi si i heile ti aar no.
Daa gaadde han at krutet hans tok til aa
minka stygt, som venteleg var, naar han
hadde øydt av det so lenge, og krut kunde
han aldri laga seg sjølv. Dette var ei leid
knipa. Men det dugde ikkje aa vera raad
laus no meir hell fyrr. Han laut firma paa
ei raad til aa faa tak i dyri og faa livet av
dei paa ein annan maate hell med krut og
kulor. — Han hadde ei tid tenkt mykje paa
aa faa seg ein heil flokk med tamde gjeiter,
men ikkje visst seg raad til aa faa tak i fleire
hell den han ein gong fekk fanga, og den
var sjølvdaud no for lenge sidan. Men no
tok han for aalvora til aa tenkja paa dette
her att. Han freista fyrst aa taka villgjeiterne
i snaror. Men det let seg ikkje gjera. Han
fann stødt snarorne sundrivne eller sund
togne.
So laga han seg eit slag fellor til aa taka
gjeiterne i. Han grov holor i jordi der han
visste at dei heldt seg mest, og la riskorn og
bygg ned-i til lokkemat. Og uppyver la han
eit flettverk som skulde detta ned og stengja
gjeiterne inne, naar dei kom ned i hola. —
I fyrste laget gjekk det ikkje godt med dette
heller. Gjeiterne kom og aat upp lokkematen,
men kom ikkje i fellorne. Men han dreiv
berre paa og gjorde fellorne betre etterkvart,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0101.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free