- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
100

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XVII. Robinson fangar gjeiter

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

100
Og det hjelpte. Daa han kom ut i skogen
ein morgon, laag det ein bukk i ei av holorne
og tri smaa gjeiter i ei onnor.
Bukken var so olm og sterk at Robinson
vaaga seg ikkje ned i hola til han og kunde
ingen ting gjera med ’n;l han laut sleppa
han laus att. Men dei tri smaa gjeiterne fekk
han godt og vel heim og sette dei i tjor ut
paa marki. Dei var fælt rædde av seg i fyrste
laget og vilde ikkje eta; men um nokre dagar
fekk han dei til aa eta grøne kornstråa som
han bar burt til dei. So maatte han laga seg
ein hage til aa hava dei i. Han fann seg ei
fin gras-slett langsmed ein bekk og gjerde inne
eit stykke som var paa lag 200 alner langt
og 150 alner breidt. Der kunde han faa rom
for mange gjeiter, og naar flokken voks kunde
han gjerda inn fleire jordstykke etterkvart.
Han hadde dei tri gjeiterne gangande i
tjor tett attmed seg, daa han heldt paa og
sette upp gjerdet, og gjekk ofte heim etter
byggaks og risstraa til dei. Daa vandest dei
snart med aa sjaa han, og daa han sidan
slepte dei lause inni hagen, var dei alt so
tamde at dei kom og aat or henderne hans
og fylgde han kvar han gjekk.
Daa han soleis hadde gjort det fyrste til
taket, var det ikkje lenge fyrr gjeiteflokken
hans voks. Halvtanna aar etter hadde han
alt tolv gjeiter, og eit par aar seinare hadde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0102.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free