- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
115

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIX. Robinson finn mannebein

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

115
kristne folk i eit kriste land og ikkje millom
desse fæle villmennerne.
Daa han kom heim til huset sitt, kjende
han seg rolegare enn som ventande kunde
vore etter det han hadde sét. Han skyna no,
at naar villmennerne kom ut til denne øyi,
so var det ikkje for di dei vilde leita etter
nokon ting her eller slåa seg til her. Dei
visste nok fraa fyrr at her ikkje var noko
sers aa finna som dei kunde ha gagn av.
I attan aar hadde han no vore her og aldri
raaka eller sét nokon av villmennerne, og
han kunde kanskje vera her i attan aar til
og endaa vera usedd og i fred for dei. Naar
dei av og til kom hit, maatte det vera av
eit slumpehøve, eller for di dei vilde halda eit
festmaal paa mannekjøt her paa denne ein
same øyi.
Men um han ikkje plent hadde so mykje
meir aa ottast for no enn fyrr, so gjekk han
likevel alltid med ein støkk i seg for det stygge
han hadde sét, og han var stødt noko meir
varsam enn han hadde vore fyrr. I heile
tvo aar heldt han seg heime paa sine eigne
kjende grunnar og gjekk aldri lenger enn ut
til sumarhuset sitt eller ut til den nye gjeite
hagen i skogdalen. Men smaatt um senn
kjende han seg tryggare att og tok til aa
ferdast lenger ikring liksom fyrr um aari.
Det var altfor langsamt aa halda seg berre

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0117.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free