- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
121

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XX. Robinson finn ei hola

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

121
var
2
halvmyrkt og døkt, og best som han
stod der og freista aa sjaa seg ikring, vart
han vår tvo eldende blanke augo som stirde
paa han fraa myrkret attarst i hola. Han
stokk so han skalv i knéi og skunda seg ut
att snøggast han berre vann. Men daa han
var komen vel ut, vart han skamfull yver
seg sjølv og tykte det var stakarslegt aa vera
so rædd. So tok han ein logande vedbrand
nedmed kolmila og smaug modig inn att.
Men med det same han reiste seg upp inni
hola, vart han mest endaa ræddare enn fyrste
gongen. Han høyrde det stunde og sukka,
plent som det skulde vera eit menneskje som
laag der. Han for eit stig attende og vart
kaldsveitt yver heile kroppen, og kunde haaret
reisa seg paa eit hovud, so maatte det ha
reist seg paa Robinson denne gongen. Men
so manna han seg upp att so godt han kunde
og gjekk fram og heldt vedbranden høgt upp
yver seg. Daa fekk han auga paa ein stor
gamall bukk som laag nedpaa auren; — det
var den som hadde stirt paa han og lege og
stunt og lete so fælslegt! Han støytte til
han med foten, og bukken freista aa reisa seg
upp, men orka ikkje. Det var likt til at han
laag der og var aat aa døy, og at han hadde
krope hit inn for di han vilde faa døy i fred.
Robinson let bukken liggja der han laag
og tok til aa sjaa seg betre ikring i hola.
15

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0123.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free