- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
123

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XX. Robinson finn ei hola

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

123
som blenkte soleis, um der var gull i berget
eller glimesteinar, visste han ikkje og skyna
der heller ikkje sidan. Nedpaa auren laag
der turr raud sand, og der var ikkje noko
slag dyr eller krjup aa sjaa. Der var heller
ikkje vatn aa sjaa paa veggjerne eller auren
nokon stad.
Han skyna med ein gong kor stor ei heppa
det var at han hadde funne denne hola. Her
kunde han gjøyma alt det som han var mest
vår um og mest rædd for aa missa, fyrst og
fremst det krutet han no hadde att og dei
byrsorne han ikkje hadde bruk for heime i
festningi si. Han tok straks og bar hit fem
byrsor; seks stod daa att i holorne i gjerdet.
— Daa han skulde bera krutet ut aat hola,
kom han til aa slåa upp ein dunk som han
aldri hadde rørt fyrr. Det var ein som hadde
lege i sjøen ei heil tid fyrr han tok han i
land, og han hadde alltid tenkt at krutet i
denne dunken var utskjemt. Men no saag
han at sjøvatnet hadde gienge berre tri turnar
inn i dunken paa alle kantar, og krutet hadde
der slege seg hardt som ei skorpa. Men
innanfor denne skorpa laag der heile 60 pund
krut som var turt og fullgodt. Han vart
storglad daa han saag det. Dette var noko
av det beste som kunde ha hendt honom no.
Alt dette krutet bar han og aat hola. Heime
hadde han att berre nokre pund til aa verja

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0125.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free