- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
132

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXII. Eit nytt skipsvrak

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

132
gong hadde vore nær paa aa reka av med
straumarne. Han heldt paa og la ved paa
elden frametter heile natti, og daa det ende
leg ljosna av dag saag han noko svart som
laag langt uti havet i aust for sudparten av
øyi ; men det var so gruggutt i lufti og myrkt
i veret enno, at han ikkje kunde skilja kva
det var, ikkje ein gong med kikaren.
Det hadde lagt seg med stormen no, og
det svarte derute vart liggjande paa same
staden frametter heile dagen. Det maatte
vera eit skip som laag for anker eller hadde
drive paa grunn. Han var fælt forviten og
vilde^faa betre greida paa dette. So tok han ei
byrsa og nistemat med seg og skunda seg
nedetter til sud-enden av øyi. Det hadde
ljosna upp med veret daa han kom der, og
han saag daa straks at det var eit stort skip
som laag derute. Det var kasta upp paa dei
nakne skjeri som han hadde sét den gongen
han var ute med baaten. Det var desse same
skjeri som paa ein maate hadde berga han;
for det var straumevja attanfor dei som hjelpte
han nordyver og inn imot land att. Men
det som er til hjelp for den eine, er dauden
for den andre. Skipsfolki hadde vel sét land
paa vestsida og freista aa halda undan med
skipet og so berre kome ut i det som endaa
verre var og drive upp paa skjeri i myrkret.
Han tok til aa leita etter um nokon av dei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0134.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free