- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
136

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXII. Eit nytt skipsvrak

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

136
svolt og aat som ein ulv daa han fekk mat.
Daa Robinson kom upp paa skipet, fann
han liki av tvo mann inni matrosromet; men
noko anna livande enn hunden var ikkje aa
firma. Sjøarne maatte ha skylt heilt yver
skipet fyrr dei kasta det upp paa skjeri;
for mest alt der fanst var øydelagt av vatnet.
Han saag atti ei heil mengd med tunnor nedi
lasteromet; men dei var alle so store at han
ikkje kunde taka nokor av dei med. Der
var like eins ei heil mengd med skipskistor,
og av dei tok han tvo og bar ned i baaten.
Sidan fann han eit kruthorn og ei eldskufl
og ei tong og tvo smaa koparkjelar og nokre
andre ting og tok med seg. I den enden av
skipet som laag under vatnet var der nok
mange fleire ting han kunde havt gagn av,
men det var uraad aa faa tak i dei no.
So tok straumdraget til aa bera innyver
att, daa sjøen steig. Han maatte skunda seg
paa heimvegen og tok ut med lasti si. Klokka
eitt um natti naadde han til lands att. Han
hadde daa slite og rott so han var reint for
komen og utsliten, og la seg straks til aa sova.
Daa han vakna att um morgonen, hadde
han upp skipskistorne og vilde sjaa kva der
var i dei. I den fyrste fann han mange
gagnlege ting; der var nokre skjortor og ei
heil mengd med halsdukar og lummeklutar
av kvitt og farga lereft; der var nokre

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0138.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free