- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
140

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXIII. Robinson bergar ein villmann

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

140
det han hadde sett seg fyre kunde han likevel
ikkje sleppa or tankarne att, og han var likso for
huga paa aa raaka villmennerne no som han
fyrr hadde vore rædd for aa raaka dei.
Jau endeleg so kom dei att ein gong.
Daa han kom ut ein morgon, fekk han auga
paa heile fem baatar som hadde lagt til lands
paa denne sida av øyi, sunnanfor den elve
osen som fyrr er nemd. Villmennerne sjølv
var ikkje aa sjaa; men han skyna at dei
maatte vera millom 20 og 30 stykke, naar
dei hadde so mange baatar. Men ein slik stor
flokk kunde han aldri vaaga seg imot, soleis
som han hadde tenkt. Han heldt seg heime
i borgi si og var heller uroleg.
Daa det var gjenge eit par timar, tok
han kikaren sin og kleiv upp paa bergtoppen
og spæja etter villmennerne att. No saag
han dei langt sud-paa strandi. Dei var
ikring 30 stykke, som han hadde tenkt. Dei
hadde kveikt upp ein stor eld ; der dansa dei
rundt ikring og gjorde allslag fæle hopp og
spring. So gjekk dei ut i ein baat etter tvo
mann som hadde lege der. Det maatte vera
tvo fangar som dei vilde drepa og eta. Dei
tok straks og slo den eine i hel med ei klubba
og gav seg til aa skjera han i stykke. Den
andre vart standande etter for seg sjølv og
skulde venta litegrand, til dei vart ferdige til
aa taka han. Men fyrr dei visste ordet av,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0142.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free