- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
159

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXV. Robinson er lærar - XXVI. Dei byggjer ny baat og vil ut paa ferd

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

vorte driven i land av stormen burtpaa strandi
der Fredag høyrde heime. Der var 17 kvite
mann i han, og dei vart alle berga. Det
maatte vera ein baat fraa eit skip som hadde
gjenge under, og daa var det vel helst fraa det
skipet som hadde slege seg sund her utpaa
skjeri no sist.

„Hev de drepe og ete dei kvite mennerne?“
spurde Robinson.

„Nei,“ sa Fredag, „me ikkje eta andre
enn dei me tek i ufred. Me vera brør med
dei og hjelpa dei og gjeva dei mat.“
Robinson skyna av dette at villmennerne maatte
ha gjort semja med dei kvite som hadde
drive i land, og late dei i fred. Dei var
der enno og budde for seg sjølv, sa Fredag,
og dei hadde vore der i mest fire aar no. —
Dette gav Robinson mykje aa tenkja paa.

*



XXVI.

Dei byggjer ny baat og vil ut paa ferd.



Ei heil tid etterpaa var dei ein dag
uppaa ein fjelltop og saag vestyver havet og
landet paa den andre sida. Det var fint ver

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0161.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free