- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
169

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXVII. Dei slæst med villmennerne att

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

169
husbond!" lét Fredag; han hadde vorte heilt
roleg og modig no att. So tok Robinson og
ladde seks byrsor, tvo med store hagl og fire
med kulor. Han fann fram det store sverdet
sitt og hengde i beltet og let Fredag faa ei
øks. Daa det var gjort tok han kikaren sin
og kleiv upp paa bergtoppen og vilde sjaa.
Han fekk snart auga paa dei tri baatarne og
villmennerne; dei var 21 stykke og hadde
tri fangar med seg. Dei hadde gjenge i land
noko nærare upp imot elveosen denne gongen,
ein stad strandi var flat og jamn og skogen
gjekk mest ned aat sjøen. Det var greidt
aa sjaa at dei vilde drepa dei tri fangarne
og eta dei. Robinson vart so harm og upp
øst der han stod, at han med ein gong sette
seg fyre at han vilde gjera ende paa denne
fælslege slagtingi, det fekk kosta kva det
vilde. Han skunda seg ned til Fredag og
sa kva han vilde, og spurde um han vilde
vera med og hjelpa til. Fredag svara
no som fyrr at han gjerne skulde lata livet,
dersom husbonden kravde det. So tok Robin
son ein pistol og tri av byrsorne og bad
Fredag bera dei. Sjølv tok han dei tri andre
byrsorne og hengde ein pistol i beltet. Ein
pose med krut og kulor tok dei og med, og
so tok dei i vegen. Robinson gjekk fyre og
Fredag tett etter. Dei vilde taka paa vill
mennerne der dei var og berga fangarne, so
22

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0171.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free