- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
173

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXVII. Dei slæst med villmennerne att

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

173
gjorde like eins, og so small skoti att. Det
fall berre tvo denne gongen ; men mange var
saara, og tri av dei stupte straks etter, endaa
dei var nok ikkje reint daude. Alle dei andre
skreik og ylte som ville dyr.
Fylg meg no, Fredag!" sa Robinson og
treiv den tridje byrsa og sette paa spranget
ut or skogen og nedyver mot villmennerne.
Fredag fylgde modig etter. Dei sette iog
ropa og hua alt dei vann, daa manne-etarane
saag dei, og laup fram til -den kvite
mannen. Dei tvo som skulde taka han, hadde
alt sett påa floget ned aat sjøen og sprang ut
i ein baat, og tri andre fylgde dei. Robinson
bad Fredag springa etter og skjota paa dei,
og han sette straks av stad og gjorde som
han var fyresagd. Alle fem stupte yver ein
annan i baaten, daa han hadde skote. Tvo
av dei vart drepne og ein hardt saara; men
dei tvo andre hadde berre dotte i koll av
rædsla og reiste seg sidan att.
Medan Fredag dreiv paa med dette, hadde
Robinson rive ein kniv or beltet og skar
bandi av den kvite mannen og reiste han
upp. Han spurde kva han var for ein, og
den framande svara paa latin at han var
kristianus" (ein kristen). Han var so for
komen at han var aat aa siga ned att og
orka snaudt aa tala. Daa tok Robinson fram
ei liti flaska han bar i lumma og let han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0175.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free