- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
178

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXVII. Dei slæst med villmennerne att

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

178
aat han, og endeleg fekk han daa vita det:
denne fangen som dei hadde funne her halv
daud, var far til Fredag! Han hadde ikkje
kjent han att med ein gong, so ille som
han var medfaren. — Men Fredag kunde kje
enno staa still og segja nokon ting i saman
heng. Han sprang upp paa land og ut att
i baaten mange gongjer; so sette han seg
sistpaa attmed far sin og la hovudet hans
inn til berre bringa si og sat soleis mest ein
,halv times tid, og sidan tok han til aa gnika
han paa armarne og kring oklo; dei var
enno stive og naamne etter han hadde vore
so hardt samanklemd av bandi. Robinson
vart reint teken og klekt der han stod og
saag paa alt dette. Denne villmannen" —
som han hadde kalla Fredag — synte ein
kjærleik til far sin som han aldri hadde sét
maken til fyrr.
Medan dei vart hefte med dette, hadde
dei tri villmennerne i baaten kome seg undan,
so dei var mest or syne. Daa kunde det
ikkje nytta aa taka ut etter dei. Det var
elles berre ei heppa for Robinson og Fredag
at dei vart hefte soleis ; for eit par timars tid
etter tok det til med ein sterk vind, so det
hadde kje vore greidt aa klara seg utpaa
havet. Vinden heldt paa heile natti, og dei
tri villmennerne som skulde yver havet hadde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0180.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free