- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
187

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXVIII. Spanjoren og far til Fredag tek ut paa ferd

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

187
Ægyptaland; men daa dei sidan kom til aa
vanta brød i øydemarki, reiste dei seg upp
jamvel imot Gud sjølv."
Robinson skyna straks at mannen hadde
rett i dette. Det var ei raad som synte at
han var baade klok og paalitande. Dei sette
ferdi ut so lenge og gav seg alle saman til
aa brjota upp aaker. Saatidi kom ikkje fyrr
um ein maanads tid, og til daa hadde dei
fenge upp so mykje jord at dei kunde saa
22 skjeppor bygg og 16 skjeppor ris. Meir
korn kunde dei ikkje taka til saad. Det var
ikkje mykje dei no hadde att for dei næste
seks maanarne til haustingstidi kom. Men dei
hadde alltid kjøtmat og anna aa taka til, og
dei kunde ferdast fritt kringum paa øyi og
veida og leita etter alda kvar dei vilde no
daa dei var fire mann sterke. Det maatte
koma mange villmenner fyrr nei no turvte
verta rædde.
Daa dei var ferdige med saaingi, tok dei
til aa leita etter tre til skipsvyrke kringum
i skogen, og Robinson sette folki sine til aa
hogga dei ned og hogga dei til. — Dei freista
med det same aa auka gjeiteflokken sin alt
det dei kunde. Dei skaut gamle villgjeiter
og tok kidi deira livande og hadde dei millom
dei tamde gjeiterne. Dei fekk paa den maaten
samla inn heile 20 stykke. — Daa villdruvorne

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0189.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free