- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
188

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXVIII. Spanjoren og far til Fredag tek ut paa ferd

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

sidan vart mogne, henta dei ned ei stor mengd
av dei og turka dei i soli.

Det vart ikkje nokor svært rik hausting
daa skurdtidi kom. Men kornet stod jamnt
godt. Dei fekk 120 skjeppor av dei 22
skjepporne bygg, og av risen like eins etter maaten.
Dette var so mykje at dei no godt kunde
taka imot dei 16 mennerne og hava mat nok
til næste haustingstidi.

So gjorde dei i stand den eine av dei
baatarne som manne-etarane hadde late etter
seg, og spanjoren og far til Fredag skulde
av stad yver havet. Dei fekk tvo byrsor og
kulor og krut til 8 skot med seg; dei fekk
nistemat for ei heil lang tid og mat til dei 16
spanjorarne for aatte dagar. Og spanjoren maatte
endaa ein gong lova at han ikkje skulde koma
hit med nokon fyrr dei hadde svore at dei
skulde lyda Robinson i eitt og alt.

Dei gjorde avtale um at dei tvo
ferdamennerne skulde gjera eit visst teikn naar
dei kom siglande attende, so Robinson og
Fredag kunde skyna kven dei var. So steig
dei i baaten. Dei tvo som var etter ynskte
dei lukka paa ferdi, og eit bil etter fór baaten
ut yver havet med ein frisk vind etter seg.

*


<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0190.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free