- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
192

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXIX. Upprørarane

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

192
dei um det hadde vore aldri saa faarlegt.
Men no var det uraad aa vaaga det, og han
visste ingen ting aa gjera.
Daa saag han at dei seks sjømennerne
ikkje gjorde det av med fangarne so snart
endaa, korleis det no hadde seg. Dei spreidde
seg og tok til aa driva att og fram liksom
dei vilde sjaa seg ikring, og dei tri fangarne
sette seg ned for seg sjølv. Sjøen heldt nett
upp paa og fjøra, og baaten laag snart paa
berre strandi. Tvo av mannskapet hadde
gjeve seg etter i baaten og skulde vel ha til
syn med han so lenge. Men dei tok det
maklegt og hadde lagt seg til aa sova dg
gaadde ingen ting fyrr baaten stod eit heilt
stykke ifraa vatnet.^ Dei freista aa faa han
tit flots att, men kunde ikkje rikka han av
flekken. So ropa dei paa dei andre at dei
skulde koma og hjelpa til, og heile flokken
var snart samla. Men dei kunde ikkje endaa
faa baaten ut. Han var stor og tung, og
strandi var laus og^gyrmutt, so han sokk
djupt nedi. So let dei baaten staa og dreiv
uppetter strandi; dei laut venta til sjøen
flødde att.
Robinson visste at det ikkje vart flod
sjø fyrr eit heilt bil etter* det var myrke um
kvelden. Daa kunde han lura seg usedd
tett ned til dei og faa betre greida paa kva
dei tok seg fyre. Og karm henda det daa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0194.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free