- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
201

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXX. Det kjem fleire av sjømennerne i land

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

201

høyrde dei eit skot fraa skipet og s#ag at
skipsfolki gjorde teikn til baaten at han
skulde koma att. Sidan skaut dei fleire skot
og heldt paa og gjorde teikn. Men baaten
laag endaa like still, han. Daa sette dei sist
paa ut ein baat og tok til aa ro inn imot
land.
Robinson og fylgjet hans hadde kikaren
med seg og sat godt i skjol og saag paa baa
ten. Daa han kom nærare inn imot land,
saag dei at der var ti mann i han, og at dei
alle hadde byrsor med. Skipperen kunde alt
kjenna dei alle saman. Tri av dei var skik
kelege karar, sa han, og var vel berre lokka
eller truga til aa vera med i samansverjingi.
Men dei andre sju var upprørarar av verste
slaget og ikkje greide aa koma ut for. Han
var stygt rædd for at det ikkje var vaagande
aa gjeva seg i kast med dei.
Aa> rædd?" sa Robinson og berre smilte.
nFor folk som oss duger det ikkje aa vera
rædd. No er det nettupp tidi til aa vaaga
noko, so me karm faa berga oss burt ifraa
denne øyi. Og du karm vera roleg for det
at heile baatslaget sistpaa skal koma i vaare
hender. Daa skal dei døy eller liva etter som
dei sjølv steller seg."
Dette sette mod i skipperen att, og dei
budde seg alle til strid.
Dei seks mennertie dei hadde fenge taka
26

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0203.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free