- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
206

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXX. Det kjem fleire av sjømennerne i land

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

206

*


som Robinson hadde tenkt. Dei kom straks
springande upp aat skogen der dei hadde
høyrt det ropa. Men so kom dei upp til elve
osen og kunde ikkje koma yver; for det var
nettupp flod, og sjøen gjekk langt inn
etter. So ropa dei til baaten at han skulde
koma og setja dei yver. Dei tri i baaten
kom roande so snart dei kuntjje. Dei sette
felagarne sine yver,- og so rodde dei baaten
eit langt stykke uppetter elveosen og batt
han last i ein trestubbe ,paa sudsida. Ein
av dei tri hadde daa slege lag med dei sju,
so det var berre tvo att til aa sjaa til baaten.
Dette var heilt som Robinson hadde
ynskt seg det. Daa dei aatte sjømennerne
var komne vel or syne uppi skogarne, gjekk
han og fylgjesveinarne hans yver clvi eit
langt stykke uppe og nedetter paa andre sida
og v ilde taka baaten og dei t\» som var der.
Den eine av dei hadde gjenge upp paa strandi
og lagt seg til aa dorma og sova. Han sprang
upp daa han høyrde det kom folk; men i
same blinken hadde skipperen sprunge inn
paa han og slo han ned. So ropa skipperen
til den andre uti baaten at han skulde gjeva
seg, og det gjorde han rett snøgt, aaleine
som han var mot fem mann. Han var elles
ein av dei som hadde vorte truga til aa vera
med paa upproret, og han var straks viljug

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0208.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free