- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
209

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXX. Det kjem fleire av sjømennerne i land

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

209
dei kunde. Daa dei hadde kome eit lite stykke
ned, høyrde dei at baatsmannen og tvo andre
kom beint imot dei. Baatsmannen hadde
vore ein av dei verste av upprørarane, men
var no ein av dei ræddaste og mest mod
lause. Skipperen vart so uppøst daa han
høyrde maalet hans, at han mest ikkje kunde
styra seg. So kom dei tri mennerne fram
millom trei, og i same blinken sprang skip
peren og Fredag upp og skaut paa dei. Baats
mannen stupte daud ned paa flekken, og ein
av dei andre var so hardt saara at han døydde
eit lite bil etter; men den tridje fekk røma.
Daa Robinson og flokken hans høyrde
skoti, styrmde dei fram, dei og. Men fyrr dei
skaut paa upprørarane, vilde Robinson enno
freista um han kunde faa dei til aa gjeva seg
med det gode. Han sa difor til den mannen
dei hadde fenge taka no sist, at han skulde
ropa ned til dei og spyrja um dei vilde gjeva
ifraa seg vaapni. Mannen sette straks iog
ropa paa ein som heitte Tom Smit, og Smit
svara og spurde kva det var.
For Guds skuld, legg fraa dykk vaapni
og gjev dykk under oss!" ropa den andre.
sGjer de ikkje det no paa flekken, so er det
ute med dykk fyrr de fær fraa dykk ein
sukk."
«Kven skal me gjeva oss vinder?" spurde
Smit.
27

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0211.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free