- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
215

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXXI. Fangarne

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

aa telja dei fem til aa vera trugne os gjera
sitt beste.

So gjorde dei seg reiduge til aa taka
skipet. Dei sette i stand den baaten dei
hadde hogge hol i, og hadde baae baatarne
ut paa sjøen att. Skipperen skulde vera
styraren paa utferdi. Han hadde no ein „hær“
paa 10 mann i alt. Det var:

1. Dei tvo som han hadde havt med
seg daa han sjølv var fange.

2. Dei tvo fangarne som dei hadde slept
fri den fyrste dagen.

3. Fem av dei som dei hadde teke
no sist.

4. Den mannen som dei hadde teke
uppmed baaten.

Med dette mannskapet var han ikkje
rædd aat aa vaaga seg ut til skipet. Han
sette ein av dei beste mennerne sine til aa
vera styrar paa den eine baaten og gav han
fire mann med. Sjølv vilde han styra den
andre og hadde styrmannen og fire andre
med seg. Robinson og Fredag skulde vera
att paa land og ha tilsyn med dei sju fangarne.
Det var ikkje vaagande at dei alle reiste ifraa
dei, og at huset og alt saman skulde staa
reint verjelaust.

*


<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0217.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free