Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- XXXII. Dei tek skipet
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
XXXII.
Dei tek skipet.
Det leid fram mot midnatt daa dei tvo
baatarne kom ut til skipet. Skipperen let
ein av mennerne sine ropa upp til vakti at
dei kom att med den fyrste baaten og dei
som hadde vore burte so lenge. Daa fekk
dei koma umbord med ein gong. Skipperen
sjølv og styrmannen sprang upp fyrst, godt
væpna som dei var. I same blinken som dei
var komne paa dekket slo dei ned tvo av
upprørarane — andrestyrmannen og
timbermannen — med byrsestokkarne. Dei andre
i baaten fylgde snart etter, og i ei
handevending hadde dei teke alle som var paa attarste
dekket. So spikra dei fast lukorne, so
dei som var nedanunder ikkje skulde sleppa
upp. Dei som var i den andre baaten hadde
med det same sprunge upp paa skipet lenger
framme og tok tri mann som var der.
So stod det att aa faa tak i dei som var
i kahytta. Det var sjølve den nye
skipperen, hovdingen for upprørarane, og tri mann
til. Dei hadde høyrt staaket paa dekket og
sprunge upp og fenge tak i vaapen.
Styrmannen og nokre andre kom og braut upp
døri. Dei som var innanfor skaut ut imot
dei. Styrmannen fekk eine armen knasa av
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023
(aronsson)
(diff)
(history)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0218.html