- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
222

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXXII. Dei tek skipet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

222
her, og fortalde um korleis han hadde gréidl
og klara seg paa alle maatar. Sidan synte
han dei gjeiterne sine og sa korleis dei skulde
stella med dei og laga smør og ost av mjølki.
Alt dette skulde dei no faa taka i bruk etter
han var reist. Han let dei like eins faa alle
vaapni sine og det krutet han no hadde att,
og han lova at han skulde beda skipperen
gjeva dei tvo krutdunkar til, og lata dei faa
ein grand hagefræ som dei kunde ha bruk
for. Men til vederlag for alt dette laut dei
lova at dei skulde stella godt med alt saman
og halda det i stand.
-. _ _• .•« "TT f» ill
Og so var det ein ting til. Han fortalde
um dei 1(5 spahjorarne som var hjaa villmen
nerne paa den andre øyi og no skulde koma
hit. Han sjølv kunde ikkje venta paa dei no;
men han skulde skriva eit brev og leggja etter
til dei, sa han, og dei fem sjømennerne maatte
lova at dei skulde taka vel imot dei naar dei
kom og hjelpa dei paa alle maatar. — Dette
lova dei alt saman.
Dagen etter sa Robinson farvel med dei
fem mennerne og med huset og heimen sin her
og gjekk umbord paa skipet. Han tok med
seg gjeitskinnsluva og solhatten til eit minne,
og pengarne han hadde havt liggjande so lenge ;
no kunde han nok faa bruk for dei. Fredag
var og med og skulde fylgja husbonden sin
til England.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0224.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free