- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
226

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXXII. Robinson fer heim

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

vegen til Afrika andre gongen, hadde han
fenge henne til aa taka varveitsla[1] paa nokre
pengar som han ikkje vilde taka med. Ho
hadde havt mykje motgang i livet og var
gamall og fatig no, og kunde ikkje lenger
gjera greida for desse pengarne. Robinson
sa at ho ikkje skulde gjera seg nokor sut
for det; han skulde ikkje spyrja etter dei
meir. Han hjelpte henne tvert imot so godt
han hadde raad til det.

Sidan for han til York, fødebyen sin.
Tvo av systerne hans og tvo born etter eine
bror hans livde enno; men foreldri hans var
døde. Alle hadde tenkt at han var død og
burte for lenge sidan. Han hadde difor ingen
arv fenge etter foreldri sine, og han visste
ingen ting aa taka seg til der.

Den skippperen som hadde ført han
heim hadde straks gjenge til dei som aatte
skipet og fortalt um korleis Robinson hadde
hjelpt han og berga baade livet hans og
skipet og lasti. Dei var svært takksame; dei
gjorde eit gjestebod til æra for han og gav
han 1200 dalar i bergingsløn.

Desse pengarne og dei han hadde med
fraa øyi var so mykje at han alltid hadde
noko aa greida seg med; men det var ikkje
so mykje at han kunde koma i gang med


[1] varveitsla, tilsyn, „varetægt“.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0228.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free