- Project Runeberg -  Norske digte /
241

(1889) [MARC] [MARC] With: Holger Sinding - Tema: Bibliothek for de tusen hjem
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Aasmund Olavson Vinje (1818–1870) - Hjonlaus - Haren

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

371
»So set eg for mannen eit grautefat,
som fekk seg ei kone, fyrr han fekk mat;
eg føder hans born som ein gardemann;
han slepte deim fraa seg som gjeiti, han.
»Med helvti av livet vi nøgjast maa;
for faa er av deim, som det heile faa,
og fekk han det heile, det tidt ser ut,
som meire han fekk en sin rette lut.
»For andre der nokot verdt knipit fraa
av det, som dei skulde med retto faa.
Gav Gud deg forlitit, du venta kan:
du fær det vel eingong av slik ein mann
»Men Hjonlaus er navnet, eg gjev min gard
Det lenge skal spyrjast, at til eg var«.
So gjord’ han i garden eit gripa lag.
Og garden ber navnet den dag i dag. ,
Haren.
Um vetren kvit og um sumar gråa
gjeng haren i sine klæde.
Men endaa han aldri fred kann faa,
so han hev vel liti glede.
Han jagast, den arme, jamt og stødt
av skyttaren og av hunden;
for ørnekloi han tidt hev blødt,
med’ reven lurad’ i lunden.
10

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nodigte/0239.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free