- Project Runeberg -  Norske digte /
250

(1889) [MARC] [MARC] With: Holger Sinding - Tema: Bibliothek for de tusen hjem
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Aasmund Olavson Vinje (1818–1870) - Ved Rundarne - Jøtunheim

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

380
sjølv det, som til at synda tidt meg daarad’,
sjølv det gjer’ harde fjøllet mindre hardt.
Forsonad’ koma atter gamle tankar:
det sama hjarta er, som eldre bankar.
Og kver ein stein eg som ein kjenning finner,
for slik var den, eg flaug ikring som gut.
Som det var kjempur, spyrr eg, kven som vinner
av den og denne andre haage nut.
Alt minner meg; det minner, og det minner,
til soli burt i snjoen floknar ut.
Og inn i sidste svevn meg eingong huggar
dei gamle minne og dei gamle skuggar.
Jøtunheim.
Me standa her som paa eit storknat hav;
som lakan snjoen ligg paa denne grav.
Dei toreslag, som rulla nord og sud,
er kyrkjeklokka lenger upp mot Gud.
Dei bratte nutar av den svarte stein
er liksom knokar etter kjempebein.
Kvar nut og nubb med millom skard i skard
er kross i kross paa denne kyrkjegard.
Den egg, den tind, den pigg, den klo, den kniv,
d’er skip og baatar, som fyr vinden driv;
med sine kvite segl dei sigla paa
og dansa kring og duva i det blåa.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nodigte/0248.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free