Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Aasmund Olavson Vinje (1818–1870) - Jøtunheim
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
382
og tinden spanar seg som til eit sprang
aat fjorden ned i dalens grøne fang.
Der bnrte der i all den snjo og kav
skyt ryggjir upp fraa grøne jøkulhav:
dei symja yver brot og dal paa dal,
som svarte rygg med uggen paa ein kval.
Fraa stig uppetter stig og tram fraa tram
i krok seg bøygja svarte nasar fram,
og alt imillom sting der upp ein bolt
med kvite huva paa sin runde skolt.
So sting det her og der seg upp ei hond
med kvite saumar liksom fmgerbond;
og so med bond og innsprengt kvite korn
der stend paa solen liksom drykkjehorn.
Dei skoddestripor skjera tindar av,
so toppen flyt som øy paa graaleitt hav
og so mot himlens blåa seg ringar fram.
Det er som svarte fugl i lufti svam.
Den svarte tind med nebben sin i bugt
er falken lik, som voggar seg til flugt;
i bringa kvite flekk er spettad inn;
og difyr verd han kallad Falkatind.
Den heile fuglehopen dalar av
og duvar som i sjøen seg i kav
og gjeng som maaken ned med byks og baks
og slær med vengjom sine sidste flaks.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>