- Project Runeberg -  Norske digte /
254

(1889) [MARC] [MARC] With: Holger Sinding - Tema: Bibliothek for de tusen hjem
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Aasmund Olavson Vinje (1818–1870) - Af »Storegut« - Olav sjølv - Daa Olav lærde lesa

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

384
Daa Olav lærde lesa.
Dei segja, at livet det lid og det skrid
og fram mot eit betre seg søker.
Min ungdom fall inn i den underleg’ tid,
daa fyrst upp til oss det kom bøker.
Daa vardt det forlitet, at mannen var klok,
og tankar i mengd kunde hava.
Nei, visdomen maatte han finna i bok,
og folk skulde læra aa stava.
Ei bok var ei æra: eg minnest det tidt,
i høgsætet sat ho som gjesten.
For det var med lærdomen komet sovidt,
at folk skulde ganga fyr presten.
Eg lærde aa lesa. Eg fekk meg ei bok.
Og raude bogstavar var dygdi.
For endefram var det, han laut vera klok,
ein son av dei beste i bygdi.
Men so sagde far: »Det er alt utan naud!
Verdt lik meg og fylg meg paa ferdom!
Kast boki, min gut; eg gjev presten ein saud:
so slepp du fraa all denne lærdom«.
»Eg leser um kvelden«, eg sagde til far,
»so fer eg um dagen paa ferdom.
Av presten eg »spurningar« fekk fyr mitt svar.
so no skal du sjåa her verd lærdom».

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nodigte/0252.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free