- Project Runeberg -  Norske digte /
266

(1889) [MARC] [MARC] With: Holger Sinding - Tema: Bibliothek for de tusen hjem
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Aasmund Olavson Vinje (1818–1870) - Af »Storegut« - Eit vandt val

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

396
Kjøyr paa og slaa det meste, som du kann,
ein hest vil aldri stiga paa ein mann.
Sosant ved fotom han fær mannen sjåa,
han hoppar lett og skvetter seg ifraa.
Og eg um so vardt annat sagt av presten,
eg er ulydig, fyr eg held med hesten.
So drog han kaarden og til ve’rs den skaut,
so sette den for kne og av den braut,
og sa’: av tenesta no ut eg gjeng.
Det er det einaste eg her kann gjera.
For meg de andre lydige kann vera.
Gakk paa, gakk paa, og slaa og hyd og heng!
So er eg fri og løyst fraa denne her.
So er eg landsens mann og kring meg fær,
um so bør vera, nok eit litet knippi.
Eg veit soldater eg skal med meg faa.
So takkar eg for alt og segjer daa
med Cæsars aand: «me møtast ved Philippk.
So atter stod dei andre der forfælte,
og paa kverandre saag og inkje mælte.
Dei fann, at Staale ha’ i grunnen rett.
Men alle rædde var »det svarte brett«,
(som er eit ord for i unaade falla),
so der med honom ingen torde halda.
Men endaa so med alt det ha og ja,
med andsvar liksom ha’ og ikki ha’,
so kom der likvel som ein tanke inn,
at ingen var, som rigtigt paa dei trudde,
men faare vel, til hokke du deg snadde,
so vaagan var for deira arme skinn.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nodigte/0264.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free