- Project Runeberg -  Norsk Dialect-Lexicon : og nokre folkeminne og brev /
10

(1938) [MARC] Author: Wilhelm Frimann Koren Christie With: Gustav Indrebø - Tema: Dictionaries
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Gustav Indrebø
10
meir ut på ymse umkverve. »Naturaliekabinettet« hev vorte til
ei rad med samlingar og granskingsinstitut; samlingi med »Old
sager og Konstsager« deils til dei noverande arkæologiske og
kulturhistoriske samlingane, deils til grunnstokk i ymse sjølv
stendige samlingar utanfor Bergens Museum.
Men innanfor det »antikvariske« umkverve — dei kalla —
vart like vel ikkje alt det arbeid som Christie hadde byrja med,
halde uppe då han gjekk burt (1849). Sumt, nettupp av det
arbeid som var honom kjærast, stogga heilt. Christie hadde stor
interesse for norsk mål og målstudium. Hadde havt det frå
ungdomen. Frå 1824 av sysla han med ei norsk ordbok, som
han rekna for ein viktug lut av livsverket sitt; han arbeidde med
stadnamn frå det same året av, og med runer. Han gjorde og
uppskrifter um folkeminne. Arbeidet med nasjonal mål-samling
og mål-gransking fall radt burt ved Bergens Museum då Christie
døydde. Likeins arbeidet med folkeminne-samling. Orsaki var
noko at målgranskingi hans kom inn i skuggen av Ivar Aasens
verk(Aasens Grammatikk 1848, Ordbok 1850). Men fyrst og fremst
var orsaki at ingen av deim som fekk med Museet å gjera etter
1849, var før til å bera fram dette arbeidet hans og gjera meir
ut-av det enn Christie hadde kunna.
Av denne grunn, og so for di Christie sjølv ikkje rakk å få
utgjeve anten målsamlingane eller folkeminne-uppskriftene sine,
fekk innsatsen hans i desse leider ikkje noko å segja beinveges
for den vitskaplege framvokstren seinare i Noreg. Og arbeidet
hans med norsk mål og med folkeminne hev vorte heller lite kjent.
For si tid og under dei ut-fatige vitskaplege tilhøve som var i
Noreg då Christie tok til, er upptaki hans like vel merkjelege og
forvitnelege. Dei er verde å verta meir kjende.
Fyremålet med den boki som kjem her er å gjera greide
for målstudiet og folkeminne-samlingi åt Christie, og syna fram
den sida av arbeidsinteressone hans. Fyrst og fremst vert då den
nynorske ordboki hans prenta, »Norsk Dialect-Lexicon«. Ho hev
rett nok ikkje den vitskaplege interessa no som ho vilde havt
um ho hadde kome t. d. ikr. 1840. Ho er uferdig og hev mange
og store lyte. Men ho er eit monument yver mannen og den
varme fedrelandshugen hans, hev tidshistorisk interesse, og eit
visst faglegt verde og den dag i dag. Dertil prentar me eit utval

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:03:01 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordialect/0012.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free