- Project Runeberg -  Norsk Dialect-Lexicon : og nokre folkeminne og brev /
19

(1938) [MARC] Author: Wilhelm Frimann Koren Christie With: Gustav Indrebø - Tema: Dictionaries
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Innleiding 19
skuling. Ein karm elles merka at Christie arbeidde seg fram frå
ei heller dilettantisk umdøming um fornminne fyrrstundes til ei
mognare og meir nykter verdsetjing. Når han på dei fyrste anti
kvariske ferdene sine fann gravkverve, såg han straks i åndi
store slag som hadde stade der eingong. På ferdene i 1824 uppe
daga han slike minne etter »Feldtslag« både på Dugstad på Voss,
Grindheim på Mosterøy og Sjo i Fjelber. Seinare hev han helst
mist trui på desse slagplassane, er det likt til. — I Urda I,
s. 369—372 sette han (Bergens Museums direksjon) inn ei rett
leiding »til paa den letteste og nøiagtigste Maade at undersøge
gamle Gravhøie«, og let spreida yver heile riket 1000 serprent
(dagsette 13. august 1836). Um dette upptaket var til gagn eller
skade, er vel uvisst. Rettleidingi var god og skynsam for si tid.
Og fornminni var utan lovvern, so kvar som var nyfiken og hadde
mannemakt, kunde »undersøge« so mykje han lysta. Då kunde
det trengast at nokon mana til umhugsam framgangsmåte. På
hi sida var rettleidingi ei uppmoding til kven som helst um å
grava og skipla gravminni. I alle høve viser rettleidingi umsut
for at gravminni ikkje måtte verta øydelagde tanke- og fyremåls
laust.
Christie registrera ihuga andre fornminne og, attåt gravminne
og jordfunne saker. Soleis notera han upp stader som han tok
for tingstader (etter merkje som namnet Tinghaugen, eller stein
setningar), og gamle naustetufter som han meinte var tufter etter
langskipsnaust (t. d. på Tjugum i Balestrand og Husnes i Kinsar
vik. 197 a, 65. 235 d, 39 ). Han spurde upp bautasteinar, gjorde
teikning av deim og skreiv upp storleik og utsjånad. Mykje vinn
lagde han på å få sét alle slag minne som Kraft og andre bok
skrivarar hadde nemnt, og få kontrollera upplysningane deira.
— I Urda I, s. 91—97 prenta han ei melding um bergskurden
på Atløy i Askvoll. C. C. Rafn i Oldskriftselskabet i Kjøbenhavn
gjorde fyrebuing i 1836 til å få denne meldingi umsett til tysk
og prenta i ei tysk hefteskrift — utan at han hadde spurt Christie:
på fyrehand.7 Det synest ikkje ha vorte noko av umsetjingi.
Eit fåfengjelegt stræv i mange år hadde Christie med eit
sers slag »fornminne«: ruggesteinar (»Rokkestene«) . Ymse anti
kvarar i samtidi meinte at ruggesteinane var lagde ved kunst
7 Brev frå R. til Chr. 21. juli 1836 og svar frå Chr. 28. aug.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:03:01 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordialect/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free