- Project Runeberg -  Norsk Dialect-Lexicon : og nokre folkeminne og brev /
35

(1938) [MARC] Author: Wilhelm Frimann Koren Christie With: Gustav Indrebø - Tema: Dictionaries
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Innleiding 35
Imsiske Diplomer« frå Det Norske Riksarkivet. Det gjekk ikkje
so strengt fyre seg på offentlege samlingar i dei dagar. Då Christie
spurde etter bergenhusiske diplom i den Arnamagnæanske sam
lingi i Kjøbenhavn 1826, var diplomi frå Bjørgvin bispedøme
burtsumla og ikkje til å finna (seinare fanst dei no att). Då han
kom til Oslo på same ferdi, fekk han til vederlag, 30. september
1826, lånt frå Riksarkivet heim til seg privat 301 dokument på
ein gong! Lærar ved Sjøkrigsskulen, sidan riksarkivar Chr. Lange
gav Bergens Museum diplomavskrifter ved fleire høve. Slike
avskrifter var ettertrådde den gongen, som brevi ikkje var ut
gjevne. Det var ei vanleg veneteneste millom vitskapsdyrkarar
på den tid å hjelpa kvarandre til rettes med avskrifter av millom
alders-dokument. Saman med det andre vitnar desse avskriftene
og um kor ihuga samlararbeidet ved Bergens Museum vart drive.
Stadnamn .
Medan innsamlingi av målminni er det ein fester seg ved
når det gjeld runer og diplom, finn me meir av verkeleg sermerkt
gransking hjå Christie, når me kjem til stadnamni. Her er det;
og noko originalt i sjølve upptaket som han gjorde. — Gerhard’
Munthe byrja med historisk-topografiske studiar ut-i 1820-åri,.
og lagde ned resultati i arbeid frå ikring 1840: Merknadene til
Jacob Aalls kongesoge-umsetjing (1839), matrikkelutgåva frå
1838 ff., kartet yver det gamle Noreg (1840). P. A. Munch —
utrøyttande og mangsidug som ingen annan — byrja den lange
radi si med utgreidingar um geografiske, historiske og onoma
tologiske emne i 1836. Desse tvo reknast for grunnleggjarane av
den vitskaplege stadnamngranskingi i Noreg. Men jamsides med
deim er W. F. K. Christie tridjemannen. Rett nok gav han ikkje
ut serlege avhandlingar på prent um namn, so han fekk ikkje
innverknad på framvoksteren seinare. Men i røyndi hev han
byrja sysla med stadnamn fyre hine tvo. Det viser dei manu
skript som er att etter honom.
Christie hev late etter seg ei mengd uppskrifter um stad
namn. Me finn notisar og små-utgreidingar spreidde rundt um
på mangfaldige stader millom anna tilfang, i blandingsband eller
blandingspakkar. Og me finn eit par store manuskript serskilt
um stadnamn.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:03:01 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordialect/0037.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free