- Project Runeberg -  Norsk Dialect-Lexicon : og nokre folkeminne og brev /
57

(1938) [MARC] Author: Wilhelm Frimann Koren Christie With: Gustav Indrebø - Tema: Dictionaries
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Innleiding 57
Men han synest ha lite vel mykje på minnet og på den ålmenne
kjennskapen som han meinte at han hadde til bondemål. Fram
fyre ymse ord som han var i tvil um, hev han sett eitt eller fleire
spursmålsteikn. Dei aller fleste av desse ordi hev kome med i
det endelege ordboksmanuskriptet. Men sume burde ikkje ha
kome med. Av »Underretninger« ser ein at denne materialsam
lingi på grunnlag av Haldorsen hev vore ferdig fyre mars 1827.
Og av 179, 12 at ho må ha vore ferdig alt fyre 15. desbr. 1826.
Er so at Christie hev byrja på henne fyre 1824—25 (inkje tyder
på det), hev han i alle høve ikkje vore langt komen fyre den tid.
—4. Til slutt stend ei liste på 3 sidor med nynorske ord, ho hev
yverskrifti: »Af index til Magni Gulathi[ngs] Laug«. — Til Hal
dorsen-lista er der tvo tilleggs-manuskript, Bg. M. 179, 6 og 179, 12.
179, 6 er eit legg på 12 kvartblad (plus eit laust innlagt blad),
med register til 179, 4. Registeret er do ikkje heilt alfabetisera
innanfor den einskilde bokstaven. 179, 12 — 22 kvartblad —
er ei ordliste med yverskrift: »Ere følgende Islandske Ord Norske ?«
Dette er den serskilde lista »paa blaat Concept Papir« som Christie
nemner i »Underretninger« side 4; han segjer ho inneheld »saadanne
islandske Ord, som mit Øre sagde mig at maatte være brugelige
hos vore Bønder, men som jeg dog aldrig havde hørt tilforn.«
Han hev notera ordi for å rådspyrja »kyndige Bønder og andre
Landmænd« um deim. Lista — burtsét frå eit tillegg — tek no
til med ordet hugnan. Etter ordet misbriota hev Christie notera:
»Confereret hertil med C. Garmann«; etter ordet reykhdfr: »— med
Aad K. Gjelle«; etter strockr atter: »Hertil gjennemgaaet med
Garmann«; etter vandqucedi: »Hertil gjennemgaaet med Garmann
15. Dec. 1826.« C. Garmann budde på Bolstadøyri i Ævanger.
Odd K. Gjelle var ein upplyst bonde frå Voss. Han hadde
teikna eit kart yver Voss prestegjeld i 1807, og i 1812—13 teikna
han eit kart yver Nordhordlands skrivardøme for Christie (jfr.
Bg. M. 261 j). Uppskrifti 15. desbr. 1826 gjev oss ei tidfesting
ikkje berre for denne handskrifti, men for 179, 4 og. Ein stor lut
av ordi i 179, 12 laut Christie vraka for ordboki si. — Ein laus
lapp med uppskrifter av bygdemålsord er innlagd i manuskriptet.
Bg. M. 179, 5. Eit manuskript i oktav, 8 smaae hefte, ulike
på storleik. Til saman 134 blad. Dei upphavlege leggi er av
kvitt papir. Men etterkvart som romet hev vorte for lite, hev

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:03:01 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordialect/0059.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free