- Project Runeberg -  Norsk Dialect-Lexicon : og nokre folkeminne og brev /
86

(1938) [MARC] Author: Wilhelm Frimann Koren Christie With: Gustav Indrebø - Tema: Dictionaries
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

86 Gustav Indrebø
vera norske, med at han sette inn grunnformi gata: gatalæggja.,
gatalægging, gatasopning, gatasten. Ord som alle saman er falske
i si form, og eitt (<<gateopning«) karm vel ikkje segjast vera i bruk.
Er so at han hev spurt seg fyre hjå bygdefolk fyrr han førde inn
desse glosone, hev han i alle høve ikkje høyrt vel nok etter kva
bygdefolki sagde. Når han skriv upp beint ifrå bygdemålet og
ikkje hev nokor ordbok å finna ordet fram etter, er han stødare.
Ordet gatelagt, som i Dialect-Lexicon kjem tett etter deim me hev
nemnt, hev han skrive upp ute »i marki«, på ferdi til Voss 1824,
og det hev fenge målrett form. — Etter svensk landtmætare kon
struerar han »norsk« lanåmætar; etter framifrån eit norsk framifrå
med tydingi »forfra« (i staden for at dette heiter framanfrd). Etter
Haldorsens islendske ordbok er krafta, krapta vb., høgtømra vb.,
»hær-rør« og ikkje so fåe andre meir eller minder uekte »norske«
ord konstruera. Umhyggia s. er truleg ein slik konstruksjon
(visst ikkje for umhyggje n., som Ross hev frå Jæren), og likeins
nmhyggia-[!}laus. Konstruksjon er og eit ord som villsvinakjøt,
um so formi er ekte nok etter »bergenhusisk Dialect«. Serskilt
mange uekte konstruksjonar er der etter dansk, av typen fram
renna, gjenfinna, gjennomfhota, neropa, pdsmørja, upeta, øvefliota,
og andre dilike verbalsamansetningar. Ymist slikt er elles teke
etter islendsk og svensk. Døme på mislukka konstruksjon av
anna slag er ordet hom, toppen av ei mastr. Denne usamansette
ordformi (i staden for hun, hon) hev Christie drege ut av saman
setningi hom-borre, som han nok hev høyrt i bygdemål (Sfj.).
Desse uhepne konstruksjonane gjer at ordboki fær for mykje
skrivebord-vore ved seg, og mindre dåm frå den livande kjelda
enn ho skulde. Og dei gjer at ein lyt lesa henne med vaken kritikk.
Ein lyt sjå vel etter i kvart einskilt høve um det er grunn til å
mistenkja nokor framand sitatform som stend uppførd, for at ho
er den røynlege »heimelen« for den norske glosa.
Christie vilde gjerne ha boki so stor som råd var. Han gledde
seg ved kvart ord han fekk skriva upp, og han skulde syna at det
norske målet kunde mæla seg med andre mål. Det gjorde at
han var so mykje meir freista til å taka for mykje med, og føra
inn konstruksjonar.
Mykje skadde det honom at han vanta ålmenn metodisk
uppskuling i språkmanns-handverket. Det gjer at han ikkje hev

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:03:01 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordialect/0088.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free