- Project Runeberg -  Nordens kalender / 1931 /
50

(1931-1938)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tredje gongen av Olav Duun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

TREDJE GONGEN

skjøyte, det måtte dei gi han rett i. Ho kunde
bli bra for andre og.

— Tredje gongen går det best ja, tok han
oppatt.

— Det er slut med den no, sa ein eldre mann
og rusla heimover.

Fleire rusla etter. Andre kom sigande nedover;
millom dem var der nokre kvinner, dei måtte vel
6g ha lov til å sjå nyskjøyta.

Der låg ho på sunde og ruvde.

— Jamenn vart ho lita no, Meholmskjøyta, sa
dei, ho låg bortved andre lande, på Meholmsida,
der ho hørte til. Ho var ikkje større enn slik nei.

— Men ho har da elles vore tru nok, meinte
ein.

— Det var sant, san. Enda ho måtte tåle mång
ein mørk spådom da ho kom hit.

Aleksander stod og snakka med Finnstad. Eller
han let Finnstad snakke for seg. Han såg han
over hovude, for Aleksander rakk 3 alen opp i
vëre, etter som dei sa. Han var ikkje månge åra
over tjuge, men auga i han var langt over den
alderen; dei fall så rolig på den dei møtte, såg
han kanskje bedre enn han ønska å bli set, og
såg mangt anna samstundes. Han såg dem over
hovude nokon kvar, dei måtte finne seg i det.

Men det var Ärna han såg på. Ho skulde ha
set nyskjøyta ho som dei andre, dei var ikkje så
få gjenter der nede no. Somme trudde heller det
var eigaren ho såg etter, for Finnstad var ungkar
om han just ikkje var så ung, og mykje til mann
i grunnen, og Ärna var ikkje berre gjentungen
lenger, ho var 30 år så visst som eitt. Men det
var Aleksander ho snakka til. Ja ja, ho rakk da
langt opp i mot han.

— No kom du ikkje for tidlig med dette trauge
ditt, sa ho. I morgo den dag får du gå prøvetur
nordover til Leinsund. Du lyt i veg enten det
ryk eller fyk.

Andre la seg frami og sa det samme: Her var
ei heil fjøld med folk som skulde til Leinsund i
morgo, somme skulde ta snøggruta sørover, og
så var det den og den som hadde erend elles. —
Og no slepp ein da å sjå i vëre, meinte dei.

Aleksander såg på Ärna enno ein gong. Og

ho såg på han. I fire-fem år hadde dei budd her
på same øya, i lag å kalle, men ho hadde ikkje
vorte vår han før i kveld; ho var for høg i nakken
til det, kom det for han. Det var gråe kvelden
alt, og folk drog seg heim att. Dei to gjekk
samen oppover. Dei vart to-eina millom dei andre.
Det var ikkje stort dei sa, det fekk vera til seinare.
Dei var eit grand förundra båe to.

Det var underlig til still kveld, enda tungsjøen
braka himmelhøgt. Der var liksom ikkje lyd til.
Ikkje eit andedrag av vind kjølte frå nokon kant.
Slik hadde det vore i fleire døgn no; slik kan det
vera om hausten somtid, ein treng enda ikkje
ottast at uvëre heng over oss.

Og slik var det morgonen etter.

Folk var oppe i god tid. Sola kom ikkje fram
no heller, himmelen var overvevd med eit tynnt
lag av blågrå sky, men dagen stod med stort og
stilt lys mot den som kom ut. Dei spurte seg
sjøl, og somme spurte andre: Kan slikt godvër
stå seg stort lenger? Den eine hadde otten i seg,
den andre gledde seg over det slikt det var. For
slik er folk.

Så hørte dei sjøen att, dei hadde hørt han
gjenom sømnen i heile natt, han var tung. Denne
evindelige duren. Han gjorde være einslig, han
tok det så langt bort frå fastlande og live der; han
vilde ta vekk vona frå folk. Visst ein da hørte på
han. Dei stod på haugen og såg på han, som det
heiter, utover og innover, i nord og i sør: brott
i brott over skjær og grunnar, enda det var
blanke stilla, somme-stads stod fallgaren som ei
rad med høge kvite hus. Javisst var det tung sjø,
men han var da ikkje verre enn at han var
farande.

Finnstad var ein av dei første som var ute og
såg på vëre. Han såg til skjøyta med det same.
Der låg ho. I dag skulde ho få rulle på seg. Han
vilde bli med sjøl og, kvifor ikkje?

Han spurte Karl Petter kva han meinte om
vëre.

Karl Petter var eldstemannen i Singsøyan, og
i dag som elles måtte han seie kva han meinte
om vëre, det var hans arbeid. Han var
stuttvak-sen og brei, med stort kvitt skjegg over bringa;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:03:23 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordkal/1931/0056.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free