- Project Runeberg -  Nordens kalender / 1931 /
51

(1931-1938)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tredje gongen av Olav Duun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

TREDJE GONGEN

han strauk det til sides før han sa nokon ting.
Ingen ungdom var så rak i ryggen som han, enda
han var over 90 no.

— Ja, sa han, og stirde utover med kalde blå
auga. Det kjem an på!

Han snakka uvanlig høgt, han hadde liksom
folklyden i kring seg som måtte høre kva han sa.
Dei var mange der no og, om dei ikkje la så stor
vekt på orda hans; somme av karane var for gamle
til det, og andre for unge.

— Det kjem an på ja, tok han opp att. Litt
etter kom sjølve orde, så stort og sterkt det kunde
bli: — Men eg trur no det da, at vére det blir
som de ser det her.

Ingen hadde tvila på det.

Dei var snart på haugen alle som tenkte seg
nordover i dag, og mange fleir. Først var det
notbasen, han måtte i veg og ta over bruke sitt
att, han var berre heime ei snarferd med
vesle-barne hans vart ført åt jorda. Han sa ikkje stort,
ikkje i dag meir enn elles. Breiddmed han stod
ein ungdom og såg ut lykkelig, han var leigd med
notbruke i staden for ein som hadde vorte sjuk;
— i dag skulde det berast i veg! Så var det
Aleksander, skjøyteskipperen, og Mikal, som
skulde vera mann om bord. Mikal sa mangt i dag
og som ikkje burde seiast, og folk lo.
Seminaristen stod der berrhua som vise hans var, han
skulde avstad og ta over ein lærarpost sør i lande.
Han og såg til freds ut i dag. Så var der ein
to—tre unggutar som skulde til Leinsund og
kjøpe agnsild, dei vilde ut med sjøbruk i gjen
så snart denne utidige sjøborden gav seg. Dei
var frå Meholmen, men dei vilde nytte på og få
skyss med nyskjøyta denne gongen, for
gammal-skjøyta var gammal ho.

To kvinnfolk skulde vera med, vart det
fortalt. Det var det verste, for dei vart sjøsjuke dei,
i denne rullinga, om dei aldri hadde vore det før.
Den eine var telegrafdama, ho hadde ferie og
skulde til byen og møte kjæresten, etter som dei
forstod. Den andre var ei gjente her i frå som
skulde sørover i tenest nokon stads; ho var nøydd
til å fara i dag.

Og så var det han sjøl da, som slo seg med,
kvifor ikkje?

Dei vart gjerne fleir, men i alle fall var der
rom om bord.

Og leia nordover var grei nok, når ein først
var utom sundkjeften og småskjæra her. Det var
djupe fjorden, eine halvparten av vegen, men langt
frå grunnbrotte var ein no ikkje da; andre
halvparten var smulvatne, reint bondekjøring.

Dei vart einige om å fara i eitt-tida. To timar
rekna dei på vegen. Da skulde dei ha god tid,
og det var godt å ha.

Med dei står og legg over dette, kjem Kaja,
kona til notbasen. Ho er bleik, men det har ho
vore sia bårne døde, der er einkvart anna som gjer
at dei legg merke til henne.

— Du reiser ikkje i dag, seier ho til mannen
sin. Ikkje med den her skjøyta i alle fall, det seier
eg deg. Her kjem til å skje ei ulykke.

Ho snakkar unødig høgt, på skræmt folks vis,
dei hører til med ho skjelv i måle. Mannen snur
seg og ser på henne, rolig, liksom han skulde
vera seintenkt. Ho ansar dei andre som er der,
men ho må seie det som seiast skal, ho må berge
mannen sin, og småting får vera småting i dag;
— ho legg i veg som ho er full sint.

— Her er eit menneske som har drømt det,
ho har set det! Ho har set nyskjøyta vart
endevendt av båra uti Sundgape og vart hivd opp i
brotte og kom bort — ho såg folke kom bort,
kvar einaste mann!

Siste orda ropa ho, i yttaste nøda. Dei såg på
henne og tagde. Dei stod der som dei var ein
mann. Dei hadde hørt ein draum og såg eit
vett-skræmt kvinnemenneske. Ein gir seg ikkje til å
anse på slikt. Det hadde dei aldri gjort riei.

— Er det ho Ärna, søster di, som har drømt
i hop det der? spurte notbasen.

— Ja, det er ho.

Ho sa det slik at dei måtte minnast: Ärna hadde
havt ein draum før, ho hadde drømt ei ulykke,
og den ulykka kom. Ei vekes tid etter at ho såg
eit naust fullt av lik, så var her eit naust fullt av
lik. Ein kirkebåt frå Sørøyan kollseglde straks
austom lande her, der fanns 8 lik, og dei kom til

51

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:03:23 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordkal/1931/0057.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free