- Project Runeberg -  Nordens kalender / 1931 /
52

(1931-1938)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tredje gongen av Olav Duun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

TREDJE GONGEN

å ligge i same nauste natta over. Det var månge
år no sia den gongen, det var mest som det ikkje
skulde ha hendt.

— Ja her står eg og har sagt det, tok Kaja til
ords att. De burde tenke over det nokon kvar.
De fer ikkje ut i dag, i dette her sjøføre? Ikkje
du i alle fall! — ho bad mannen sin så vakkert.

Han ser ho er knapt i stand til å stå, og tek
og leier henne heim. Dei andre stod att. Dei
såg etter Aleksander, men han var ikkje der, han
hadde visst gått sin veg før kjerringa kom med
spådommen sin. Dei fekk sjå heim nokon kvar,
somme hadde ikkje ein gong drukke morgoskaffen
enno. Kaja, stakar, ho var ikkje lik seg etter barne
døde. Det var vondt at mannen måtte reise frå
henne.

Elles så var dei eit menneske kvar for seg no,
etter kvart som dei vart åleine med det dei hadde
hørt; den tenkte slik, og den slik, og ein annan
tenkte slett ikkje. Her fanns folk enno som trudde
på draumar og varsel, det raraste var at det like
snart var ungdommen som gav seg av med slikt,
dei sa det i alle fall. Andre kunde ikkje tru på
slikt om dei så vilde. Mikal var den som måtte
seie det, han var den mest romdryge i snakke, og
han hadde lov til å seie det som fall han inn, for
ingen akta større på det han sa. No vilde ikkje
han le til denne arme kjerringa, langt i frå det, —
han stod som han skulde nyse og ikkje fekk det til.

— Jaså, sa han. Skal vi ligge på land til vi er
trygge for dauen? Eg meinte da jamenn at den
var viss nok. Men det er konstig: Det feil deg
lettare å tru på Vårherre enn på dauen din.
Det må vera det at du aldri har tvila på den.
Ja ja, eg legg meg ikkje borti det, eg seier
ingenting eg.

— Nei, du er bra slik, sa ein av unggutane.
— Jaså, nyskjøyta di skal velte seg på ryggen i
dag, sa same unggapen til Finnstad.

— Så forteler kvinnfolka ja, smilte han. Dem
har eg aldri trudd på.

Aleksander gjekk ned av haugen ein annan veg,
straks han såg Kaja kom. Da skulde der vera
von om at han fann Ärna åleine i kjøkene. I
gårkveld var ungdommen ute og slang, dei var

visst ute til langt på natt, månge, det var så alt
for fint vër. Han og Ärna gjekk opp på haugen.
Der stod dei ei stund, til det kom nokon og slo
seg for i nærheita, og så gjekk dei ned att og
kvar til seg. Det hadde all tida vore så høgt opp
til Ärna, kva det no kom av.

Han møtte henne utanför døra. Men da måtte
han spøre kva som feila henne.

Ärna hadde vakna i ei frysande undring, ho
sette seg opp i senga og spurte seg kva det var.
Ja kva var det? Aleksander, tenkte ho. Ja, dei
to stod side om side oppå haugen i gårkveld, i
stillaste mørkre. Da dei gjekk ned att, da var dei
eit forlova par, same korles dei andre bar seg åt
når dei for lova seg. Men det var ikkje det, her
hadde hendt noko seinare? Da såg ho det,
drau-men kom att framfor auga på henne: Nyskjøyta
går ut sunde lasta med folk, og sjøen tek henne,
ein forfærlig sjø, og løftar henne og kvervlar rundt
med henne, så dei skrik til himmels alle som ser
på, — ho sprang ut av senga, ho tålte ikkje
min-nast meir. Ho måtte i alle fall snakke med
Aleksander; han skulde ikkje ut på sjøen i dag! Nei,
så slo ho heile draumen frå seg, det var lyse vakre
dagen ute, Aleksander burde ein ikkje komma
med vas til, han var ikkje den.

Nede i kjøkene kom ho til å fortele Kaja det,
ho syntes det måtte bli til ingenting når det var
fortalt. Kaja vart kvit. Da lo Ärna og slo det bort
i gap og tull: I går hadde ho hørt så månge
spå-dommar om den nye skjøyta, ho hadde gjerne
komme i skade for å tenke på føraren om bord
med det same, du skal sjå det varslar heller
bryl-lop dette, eller og einkvart anna godt.

Men Kaja berre stirde på henne. Og så sa ho:

— Du er eit ulykkesmenneske, Ärna. Du
drømte ein gong før du, kom i hug det.

Ärna vart kald i kinna, men ho gav seg ikkje.
Ho snudde seg berre og såg ut, mot høge fine
dagen, det var mest som ein høgtidsdag —
herregud, ein drøymer da stygt så mång ei natt. Ho
vart heilt rolig att, ho song med ho svinga til
kaffen.

Litt ille ved vart ho da ho møtte Aleksander
utom døra. For han var så like vis om dette,

52

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:03:23 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordkal/1931/0058.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free