- Project Runeberg -  Nordens kalender / 1931 /
57

(1931-1938)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tredje gongen av Olav Duun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

TREDJE GONGEN

mannen få? Det kom aldri til å hende seg.
Kanskje ingen fekk den gaven.

Ho vart meir rådlaus etter kvart. Justin gjekk
ut og fann seg eit arbeid der. Kom så inn att og
fann Enkemannen der som før. Ikkje tør han gå
her i frå, og ikkje tør han tie, tenkte Justin. Der
var eit par mann til i stua no; det var ein
slengar-dag i dag, ingen såg noko større å ta seg til; Justin
tok det som ei hjelp at dei var der. Enkemannen
fortalde, sjøl veit kor det var i frå:

— Men etter den dagen var han mjuk, skal eg
fortele dykk. Han skalv som skakkteinen i kvenna
først han såg skuggen av meg.

— Ja meir såg han no vel aldri av deg, sa
Justin.

Det var ikkje vakkert sagt, og det var ikkje
vakkert at dei lo til det, men det gjekk da den
vegen det måtte gå. Justin tok fram klokka, og
såg på enka med det same:

— Det blir så eg lyt fara nordover eg da. Det
må gjerast, veit De.

Auga hennes tilstod at det var som han sa.
Dei tala til han og vart einig med han. Han ønska
det var ein større ting enn denne symaskina
hennes det stod om i dag, at det hadde vore live
hennes om å gjera, at han fekk våge sitt for å
berge hennes. Men slik skulde det vel ikkje vera.
Rett set, så var det no heller ikkje så lite: Ho hadde
kjøpt ty og skulde saume konfirmasjonskjole til
ein fattig gjentunge, og næste helg var
konfirma-sjonshelg — kva er det som er små ting for
Vårherre?

— Ja vil du det da? sa ho.

Så var det avgjort.

Ein av karane som sat der slo hendene mot
knea og reiste seg, kjente litt på ryggen sin før
han retta seg bein, og gjekk mot døra. Han var
ein halvsliten sjøtræl, med panna full av rukker,
— som stua hans er full av ungar, hadde
Enkemannen sagt ein gong.

— Eg får ta meg tida og bli med eg ög, sa han,
eg kan ikkje plaga andre med slikt. For står du
der ikkje med det same dei tek silda opp utor nota,
da får du ikkje ein spord. Da tek dei andre alt
samen. Og resten tek oljefabrikken, smilte han.

— Ja eg, sa den andre, eg slepp dess verre.
Kjerringsåla mi vart dårlig på nytt; eg lyt vera
heime og stelle huse; eg kjem gjerne ikkje ut på
noko slag sjø-fekt i haust.

— De får no godvére nordover i alle fall, sa
Enkemannen, han laga seg til å gå han og. —
Det får de ja, la han til og såg fra Justin til enka.

Slik slo dei seg med eller vart heime; det har
aldri vore ansles med dei ting.

Sjøen ståka med sitt. Sola kunde ein så vidt
merke gjenom skylage, stund og anna, mest som
ho ikkje trudde seg til å stige fram. Ikkje eit
vinddrag kjentes i lufta. Ein fekk da seie det var
fint vér.

Men sjøborden var så grov, der var ingen som
tenkte på å ro ut og fiske. Ikkje var der større
å få heller, det var kleint med småfiske; det var
snart like kleint med all slag fiske. Ungdommen
sa, det var visst Vårherre si meining å flytte folk
frå øyane no, han vilde legge dem ut til
naturpark. Ein fekk vera glad så lenge ungdommen
berre sa slikt, at dei ikkje tok sitt og för sin veg.
Det kan snu seg mangsles. Det kan snu seg til
det beste før vi veit orde av det. Om det ser aldri
så svart ut. Det hadde dei trøsta seg med gjenom
all den tid.

Det trøsta ein mann seg med som datt ned frå
naustlemmen den dagen, ikkje lenge før skjøyta
skulde gå, og braut av venstre handa si. Det var

1 det minste ein lykketreff at det skjedde just no,
så han fekk komma til dokteren i rett tid, det var

2 døgn enno til lokalbåten kom dit. Og så var
det no ikkje høgre handa! Han hadde elles tenkt
på det i går, fortalde han, at han skulde fara til
tanndokteren med den vonde tanna si i dag, men
sjå, han vart så skræmt av denne spådommen
hennes Ärna; — jamenn er det sant! forsikra han
og lo ope og ærlig i mot dem.

— Vi veit ein ting, sa Enkemannen til han. Vi
veit at det går som det skal gå.

Mannen kom med handa i fatle ned til sjøen
litt før klokka var eitt. Da var skjøyta hala inn
til brygga, og Aleksander hadde elda opp
motoren. — Vi er klar til start, sa Mikal. Han heldt
eit auge med at ikkje dragsua regjorde for hardt

57

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:03:23 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordkal/1931/0063.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free