- Project Runeberg -  Nordens kalender / 1931 /
60

(1931-1938)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tredje gongen av Olav Duun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

TREDJE GONGEN

Skulde ein vera ærlig, ja vel, så hadde ein set at
draumen er ikkje anna enn draum; som godt var
no det.

Skjøyta svinga vest eit tak for Høgstein, heldt
så nordover att.

Da er det ein oppå haugen som ropar, det er
sonen til notbasen:

— Der! Der har ho mista farten!

Dei har set det og ser det, men dei seier ingen
ting. Skjøyta ligg med stamnen mot vest og driv
og rullar. Ja. I land på Høgstein driv ho ikkje,
ho er såpass langt nord. Mesansegle kjem opp,
fokka og i same skyndfarten, men kva hjelper det
når der ikkje finns vind? Hjelper ingen ting det
nei. Skjøyta driv, så reint i hendene på straumen
og båra. No blir ho snart borte nord om holmen.

Steinfalle! tenker dei alle samen.

Steinfalle kan dei ikkje sjå frå haugen, Høgstein
tek det bort, men alle veit kva som må skje —
ja no skjer det. Dei ser stamnen på skjøyta blir
løfta høgt i vëre, ho blir visst endesnudd, og så
er ho borte nord om holmen.

Dei veit dei får ikkje sjå henne meir. Dei
kjenner Steinfalle så pass.

Men dei kan ikkje tru det dei har set. For det
var ikkje der — —

Kaja, kona til notbasen, uvitar og sig i hop.
Enka og eit par andre tek seg av henne.

Somme av karane som var på nedvegen, har
snudd og er på haugen att, dei har merka at
ein-kvart har hendt.

No sprang dei, alle karane, nokre sette ut
småbåt og för over sunde til Meholmen, dei måtte få
i veg gamleskjøyta, tre mann sprang ut i ein liten
motorbåt, starta motoren og sette i veg ut sunde,
to mann för i ein annan straks etter. Dei visste
dei kom for seint, men det var ikkje i vona dei
för.

Dei som var att på haugen kunde ikkje anna,
dei venta dei skulde få sjå skjøyta komma fram
om Høgstein, vest om holmen eller aust om han,
dei vona enda dei fekk sjå henne nordpå fjorden
i full fart nordover. Dei visste, kvar med seg, at
det kom ikkje til å hende. Steinfalle slepper ikkje
ein stokk frå seg, berre flisa av han, og straks

aust for det ligg Bårdsgrunn-fluene brott i brott.

Den første som sa noko var enka.

— At eg slepte ’n Justin i veg! klaga ho seg.
Enda eg visste det var gale.

Somme gjekk ned av haugen. Andre kom dit
og stod.

Det drygde noko før Meholmskjøyta kom i
gang, ho som hadde oppfyringsmotor. Ho tok
att småbåtane like vel, og no heldt dei seg i lag
alle tre båtane.

Dei på haugen følgde dem med auga, båre for
båre. Det var ein endelaus veg nordover.

Enkemannen og sonen til notbasen hadde
komme for seint ned til sjøen og vart ikkje med ut.
Der var no heller ikkje rom for alle på båtane.
Enkemannen stod på haugen og såg i kikkerten.
Ingen ting å sjå der nord. Stadig ingen ting nei.
Som rimelig var.

Men så er der noko å sjå.

— Kan de fortele meg! sette han i. No ser eg
noko utrivelig, godt folk.

Han stamma og var bleik; han langa frå seg
kikkerten. Ungguten hadde alt teke han før nokon
annan fekk handa fram. Og så ser han:

— Der er folk på Høgstein! Der er eitt, der
er to menneske — der ser eg det tredje og.
Levande!

Gamle Karl Petter tok frå han kikkerten. Han
såg det same. Dei fekk sjå det ein etter ein. Tre
levande menneske på austslutninga av Høgstein.
Tre ja, men fleir vart der heller ikkje å sjå. To
av dem var kvinnfolk, visst.

— Nei, den eine er seminaristen, sa ungguten;
eg kjenner kappa hans.

Han såg på Ovidia, men ho var så ung ho
skjønna ingen ting. Ho var berre litt forskræmt
av ulykka, ho som dei andre. — Alt samen er
meiningslaust! syntes han.

No veifta dei, skapningane på holmen, og
båtane hadde alt ansa dem og styrde dit. A legge
i land der no var uråd, det var tvert nei. Like
vel gjekk der for seg noko, båtane vart liggande
ved austodden, og folka på land kom nedtil så
langt dei kunde for brottsjøen. Det tok ei uendes
lang tid.

60

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:03:23 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordkal/1931/0066.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free