- Project Runeberg -  Nordens kalender / 1936 /
9

(1931-1938)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nordiskt samarbeid u†-etter av Halvdan Koht

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Nordiskt samarbeid ut-etter

Av Halvdan Ko ht

Da eg vart norsk utariksminister, no eit halvt år tilbake, stod eg
med ein gong midt oppi spørsmåle om å godkjenne ein
handels-avtale med Frankrike som nett da var sett opp. Eg fekk da
greie på at i forhandlingane om denne avtalen hadde det vore eit fast
og godt samarbeid mellom utsendingane frå Noreg, Sverige og Finland,
og dette samarbeide hadde vore til nytte for oss alle.

Desse tre landa kunde nokk på ein måte være i tevling med einannan,
for dei hadde i det minste ei stor utførselsvare (allslags tre-produkt:
cellulose m. m.) som dei alle vilde selje. Men i desse tidene da tevlinga
nær-sagt blir bort-regulert med ymse former av kontingentar og kvoter,
blir det berre tap i å ligge og stri kvar for sitt, — da kan den andre
parten altfor lett spele oss ut imot einannan. Samhald og samhjelp
blir her ein styrke i forhandlinga.

Straks etter fekk eg syn for det same, da vi skulde i gang med å få
ny handels-avtale med Italia. Og således er det i tilhøve til andre land
og: tevlinga blir meir og meir ein fare, eit tap. Det som det spørs om
i våre dagar i det mellomfolkelege handelslive, der et orden, plan,
regulering. Og da blir det meir og meir naudsynt at dei nordiske landa
samarbeider etter faste liner.

Det kan falle noko ulikt i ulike tilfelle. Somtid kan det for Noreg
være det naturlege å samarbeide med Sverige og Finland, andre gonger
med Danmark eller med Island. Eller Danmark kan ha nærast bruk
for samarbeid med Sverige. Kvart land kan alltid lia særskilde interesser
det må verje om. Men mest alltid har det vinning av å stå i hop med
eit eller fleire av dei andre.

Kanskje samarbeide er enda meir turvande i den ålmenne politikken
enn i handelssaker. Der og har eg alt no personlege røynsler å bygge på.
I det halve åre eg har vore norsk utariksminister, har det alt hendt

9

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:03:51 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordkal/1936/0011.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free