- Project Runeberg -  Nordens kalender / 1936 /
10

(1931-1938)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nordiskt samarbeid u†-etter av Halvdan Koht

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

NORDISKT SAMARBEID UT-ETTER

to gonger at det har vore møte mellom dei nordiske utariksministrane
til samråd om sporsmål i den européiske politikken.

Her og er det ut vilsamt at det kan gjelde særskilde vilkår for kvart
av landa våre i tilhøve til andre land. Det er for oss som for alle andre,
at vi lyt tenke kvar på sitt. Kvart land har sin eigen fare-front: skulde
det bli krig i Europa, vart det ulike makter som kunde truge freden vår.

Men vi har alle den same store interessa å verje om: freden. Og
ar-beide vårt for fred kan ikkje vente til dei andre kanskje kjem i krig.
Tvert imot — det er nett før krigen kjem, at arbeide må bli sett inn.
For det som det gjeld om, det er å bygge og grunnfeste ein fredsskipnad
så sterk så det ikkje lenger blir mogleg å sleppe krigen laus.

I det arbeide står dei nordiske landa fast i hop. Det er samråd om
slike spörsmål som gong på gong har fort dei nordiske utariksministrane
til møte. Og her i Genève, i det ålmenne Nasjons-Sambande, har det
gjeve freds-arbeide vårt styrke at vi alle har stått samla om denne
politikken.

Vi hörer jamt sagt frå dei andre at dei ventar seg mykje av den
moralske makta vi såleis sèt inn. Vi lyt nokk månge gonger spørje
oss sjølv om denne »moralske makta» veg noko større i den européiske
politikken, — det ser ikkje alltid ut til at det er moralen som der har
avgjersla. Men det blir likevel alltid ein skyldnad for oss å sette inn den
makta vi har, så vi kan være verd den tiltrua dei andre vil gje oss.
Vi svik oss sjølve, om vi gjev opp fredspolitikken. Den må bli og være
den store tanken som samlar dei nordiske folka.

Genève, september 1935.

lO

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 30 02:49:26 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/nordkal/1936/0012.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free