- Project Runeberg -  Nordens kalender / 1937 /
77

(1931-1938)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Samarbeid millom norderlendske kringkastarar av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

OLAV MIDTTUN

SAMARBEID MILLOM
NORDER-LENDSKE KRINGKASTARAR

Kringkasting byggjer på eit sermerkt samarbeid millom teknikk til å få
sendingane ut og programarbeid til å få innhald i utsendingane.
Kring-kastingi byrja smått og trivlande, som ventande kunde vera, ikr. 1920.
Den store ålmenta fylgde arbeidet med sterk nyfikne og interesse. Etterkvart
som arbeidsmennene fekk røynsle og vann lenger fram, vart det altfort
aukande krav etter meir program og fleire freistnader på å utnytta dei
merke-lege, vidtspennande eigenskapane som kringkastingi hev. Ei hjelp var å byta
ut program millom dei ulike stasjonane i landi. Alt i 1925 hadde det vorte
ein millomfolkeleg samskipnad (U. I. R.) med liovudsæte i Genève. Det var
mest for teknisk samarbeid; men det vart snart spursmål um programutbyting
og yverføringar og.

For norderlandi var det med ein gong naturleg og turvande å samarbeida,
både innbyrdes og med dei andre Europalandi. Det galdt i fyrste rekkje
utnyttingi av telefonlinone til yverføringar og betaling for dei. Det førde
til samarbeid um einskilde program og i programspursmål. Det var i gang
alt i 1925 og 26, etterkvart som kringkastingane fekk i stand faste og
regelrette programsendingar.

I juni 1926 var det den fyrste «Nordiske fællesutsending», skipa til av
kvinneligaen for fred og fridom. Det var tale frå København av
undervisningsminister, fru Nina Bang, frå Oslo av Fridtjof Nansen og frå Stockholm
av borgarmeister Lindhagen. Innimillom var det musikk. Sendingi varde
1% time og vekte stor åtgaum, endå kvaliteten var heller ring.

Det er klårt at det var trong til eit nærare samarbeid. Alt i 1926 var

77

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:04:03 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordkal/1937/0079.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free