- Project Runeberg -  Nordens kalender / 1937 /
80

(1931-1938)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Samarbeid millom norderlendske kringkastarar av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

SAMARBEID MILLOM NORDERLENDSKE KRING K A S T ARAR

1935 som varde i
2 timar.

Vidare byter ein
ut kunstnarar av
alle slag og talarar
og upplesarar.
Dess-utan hev det vore
samarbeid um t. d.
et joleball,
skot-årsfest, barnetimar,
j olesending. Dei
hev vore sers
um-tykte, men set store
krav til dei
tekniske tilskipingane
og teknikarane, med di det hev vore innslag samstundes frå tvo land,
eller utsendingane hev gjenge slag i slag tett etter kvarandre. Det hev
og vore yverført ymis musikk, serleg for Noregs vedkomande opera frå
Stockholm.

Serskilt umtale treng den årvisse «norderlendske musikkvika». Det er
skipa med ein konsert frå kvart av landi, innum ei tid på 8—14 dagar i
september eller oktober. Det hev vore framført den mest sermerkte musikk
frå kvart land, og då helst ny musikk som hev vore lite kjend. Desse
musikk-framføringane hev i dei fleste landi fenge vanleg offentleg musikk-kritikk,
og hev soleis kunna gå inn i det ålmenne musikklivet, og i nokon mun koma
i staden for dei store norderlendske musikkfestane, som elles kann vera
so altfor sjeldan.

Ei serleg form for samarbeidet er større sams reportasje, anten frå
aktuelle hendingar, som opningi av Lillebelt-brui i Danmark, skitevlingar,
kyrkje-festar, 500-årsjubileum for den svenske riksdagen, Kalevalafestar i Finnland
o. s. b. Eller og kann det vera reportasje som kringkastingane sjølve lagar til
frå ymse landsluter. Heimelandet legg reportasjen til rette, samlar tilfanget
og syter for det tekniske hjelpeapparatet. Dei andre landi hev so reporterar

80

Eit studio i Radiotjänst, Stockholm

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:04:03 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordkal/1937/0082.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free