- Project Runeberg -  Nordens kalender / 1938 /
115

(1931-1938)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Det norske Teatret 25 år av Olav Dalgard

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det norske Teatret 25 år

Leikarringen til Bondeungdomslaget i Oslo. Ein ser Hulda Garborg midt på biletet

lag, reiste målfolket seg til planmessig kamp og propaganda for nynorsk mål
og kultur. I ungdomslaga tek Hulda Garborg opp arbeidet for folkedansen,
— halling, gängar og springar, slik dei levde på Vestlandet og i
austlands-dalane, og den gamle songdansen frå Færøyane. Samstundes veks det fram
ei sterk amatørteaterverksemd, som tek opp nye stykke på landsmål med
emne frå bondelivet. Slagordet for heile rørsla var: reising av sernorsk
mål og kultur.

I 1910 gjekk Hulda Garborg til aksjon for eit fast spellag, som skulde fara
i kring i byar og bygder med eit nynorsk repertoar. Skodespelarane vart
samla frå ymse amatørlag, dei fleste frå Vestlandet. Og det lykkast henne
«i al stilhed at få sammen nogen penge» som kunde finansiere den første
prøveturneen. I to år vitja turneen ei rekkje byar og bygder kring i landet,
og vann seg sterk popularitet alle stader, enda «motstrevet» sette i gang ein
intens agitasjon mot tiltaket.

I 1912 var den energiske teaterleidaren så uttrøytta av den slitsamme
faringa at ho vilde gje opp. Men tanken hadde sigra, og eit ensemble av
bondeungdom hadde fått si første skuring på Thalias tornefulle veg.
Interes-serte målfolk i hovudstaden skipa ei teaternemd, som 22 november samme år

115

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:04:16 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordkal/1938/0117.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free