- Project Runeberg -  Nordens kalender / 1938 /
116

(1931-1938)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Det norske Teatret 25 år av Olav Dalgard

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det norske Teatret 25 år

baud inn til teikning i lutlaget Det norske Teatret, — 25 000 kr. var det
økonomiske grunnlaget.

Det lykkast det nye teatret å få ein sers dugande sjef i den bondefødde
skodespelaren Rasmus Rasmussen, som var serleg kjend for si utmerkte
tolking av alle slag folkeviser. Det vart fest 10 skodespelarar, — av dei er
no att berre to ved teatret, Lars Tvinde og Edvard Drabløs. Den 2 januar
1913 kunde den første framsyninga gå av stabelen i Kristiansand. Det var
Aasens «Ervingen» og Hulda Garborgs vesle bondesatire «Rationelt fjøsstell».
Dagen etter gav teatret alt ein ny première på Olav Hoprekstads
«Bjørne-fjell», eit sterkt lite bondedrama frå ei vestlandsbygd. — Provinskritikken
tok i mot det nye teatret på ein skynsam og til dels oppglødd måte. På ferda
nordover vart det sanka inn nye talent, millom dei Ingjald Håland, Karl og
Betzy Holter, Tryggve Larsen og Mally Carenius (Håland).

Om hausten våga truppen å gå til åtak på den konservative liovudstaden.
Bondeungdomslaget i Oslo (som enno bar namnet Kristiania) hadde fått
seg ny festsal med ei rommeleg amatørscene, og her møtte byens kritikk
og eit utvalt litterært publikum med kongen i spissen, for å vera med på den
første framsyning i liovudstaden av Holbergs «Jeppe» på norsk bondemål.
Kvelden etter kom «Stor-Anders» av den unge arbeidardiktaren frå
Kristiania, Oskar Bråten, og den tridje «Bjørnefjell».

Alle framsyningane vart møtt med skynsemd av kritikken. Men stormen
var ikkje langt undan, — alt på næste måndagen, den 13 oktober, møtte
riksmålsgymnasiastane og likesinna opp med piper og stinkbomber. Det vart
eit «teaterslag» som vara seks kveldar på rad, og som i sitt slag slår alle
rekordår i norsk teaterhistorie. Som døme på den oppøste tonen kan nemnast
fylgjande overskrift i eit riksmålsblad: «Målråtamper! De bruker kniv!» —
Det vart bondestudentane som omsider gjekk av med sigeren. Nytt møblement
vart innkjøpt, — teatret hadde raud lykt kvar kveld med krigen stod på, -—
og dette nye teatret kunde rykke vidare fram med den sympati og eldhug
som den brutale vold alltid gjev sitt offer hos alle fornuftige menneske. Ved
dei næste premièrane, Geijerstams «Lars Anders og Jan Anders» og Moliéres
«Arme Jørgen» kunde teatret innkassere varme lovord frå den leidande
kritikaren, Sigurd Bödtker, og Einar Skavlan slo fast at «Det norske Teatret
er alt blitt en faktor i vår kulturutvikling, som alle mere og mere blir nødt
til å regne med».

116

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:04:16 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordkal/1938/0118.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free