- Project Runeberg -  Nordens kalender / 1938 /
122

(1931-1938)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Det norske Teatret 25 år av Olav Dalgard

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det norske Teatret 25 år

som kom til å merke det ut i åra frametter med den suggestive
instruktør-verksemda si. Med desse nye kreftene går teatret inn i nye krevjande
opp-gåver, og nye ærefulle sigrar, i pakt med sin idé.

Dei første sigrane under fru Mowinckels regi var Tolstoys «Myrkemakti»,
og bondetragedien «Jo Gjende» av Töre Ørjasæter. For første gong slo Sigurd
Bödtker eit avgjerande slag for teatret i byens mest utbreidde blad. Seinare
i sesongen vann fru Mowinckel ein ny strålande siger både som instruktør og
skodespelarinne i urpremièren på Martin Andersen Nexøs «Dangardsfolket».

Med den nye framstøyten melde kravet på nytt hus seg for kvar
fram-syning. Men byggjefondet hadde diverre ikkje auka i samme monn som
gjet-ordet, og instruktørar og skodespelarar laut finne seg i den teknikken scena
gav høve til. Det vart ingen annan utveg enn å sprenge den tronge råma.
I 1926 vart dette gjort grundig med Shakespeares Othello, og ei rekke moderne
skodespel frå verdslitteraturen.

Teatret hadde hittil halde seg strengt til bondemiljøet og den realistiske
stilen. Agnes Mowinckel, som hadde tatt mot sterke inntrykk av Gordon
Craig og det tyske ekspressjonistiske teater etter krigen, hadde ingen respekt
for den «skigarden» som den konservative kritikken gjerne vilde sette opp
kring «Bondeteatret», — ho meinte tvertom at just dette teatret hadde dei
beste fyresetnader for den meir intense suggestive form som nyskaparane av
teatret trådde etter. Med Capeks «R. U. R.» gjorde ho eit grep inn i
modernismen, og resultatet viste at ho hadde rett i sine voner til skodespelarane,
— det vart ei framsyning av tidlaus og stadlaus art, som fengsla gjenom
idéens styrke og skodespelkunstens intensitet. Med Jules Romains «Doktor
Knock» synte teatret samstundes at det makta den franske satiren på ein
imponerande måte.

Etter denne modernistiske framstøyten går teatret inn i noen jamne
arbeidsår med vekslande repertoar. Agnes Mowinckel får engagement ved
Nationaltheatret, og det er først da ho vender attende i 1930 at dei nye
straumdrag kjem til uttrykk att. Denne gongen var det dristige stykket frå
krigsdramatikken, «Karl og Anna» av Leonard Frank, som fekk ei sterk og
uvanleg fengslande framføring.

Og endeleg baud det seg eit høve til å skaffe teatret større scenetilhøve,
i det gamle Centralteatret. Det viste seg at teatret hadde evne til å vekse
med rommet, dei tre sesongane her er dei beste det har hatt. Den første store

122

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:04:16 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordkal/1938/0124.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free