- Project Runeberg -  Norge i Amerika : livsbilleder fra nordmændenes liv og historie i De forenede stater /
353

(1915) [MARC] Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Længsel - Gravøl. Av Sven Moren

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

35
Gravøl.
Godveret kom braatt og uventa. Timberkøyrarane
maatte kara seg heimatt, fyrr elvane vart for store. At
det enno laag att mykje timber uppi rustene var ille.
Men no fekk det liggja til eit anna aar. For føret var
øydelagt. Og flaumen var ventande kvar dag.
Han Per, grannen min, og eg vart sende nord i Svart*
aasen paa merkjing. Svartaasen laag langt or leidi —
nord under Blikkufjellet, tvo mil fraa den øvste dal*
grendi.
Grytidleg ein maandags morgon køyrde me upp
gjenom skogen. Det var frost og singlande skare*føre.
Og det galdt aa skunda seg. For snart kom soli og
bløytte den høge skranglevegen, som hekk som ei tunn
bru yver snødrivone.
Det var ingen som hadde bruk for veg her i «nord*
traktene», andre enn timberdrivarar og merkjarar. Elles
laag det eit par einbølte smaa*gardar uppi Svartaasen,
Brenne*gardane — einaste bustaden i den tvo miler lange
storskogen fraa dal*grendi til Blikkufjellet.
Føret heldt seg utruleg fram etter fyre=middagen. Og
innan me rett visste ordet av, var me komne yver Stor*
myrane og heilt uppunder Svartaasen. Der stod skogen
gamall pg myrk og skygde for soli.
Uppi ein bakke naadde me atter ein gut, som bad um
aa faa staa paa meiane det stykket som att var til Brenna.
Me var snart framme no, sa han og turka sveiten. Han
gjekk i nye, svarte, blank»pressa vadmaalsklæde med
militærluve og gummikrage.
— Kvar han skulde, som var so fin?
Han skulde i gravøl, fortalde han — etter’n Gamle*Jon
Brenna, far hans Ola, som no aatte Nord*Brenna. Han
var nyst daaen, Jon. — Um me kjende han?
Ja. Eg hadde set han ein gong — i kyrkja, daa’n
Ung*Jon, son hans Ola, vart konfirmert. Me gjekk
23 — Boken om Norge.

V.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:30:34 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/norgamer/0371.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free