- Project Runeberg -  Norsk maallæra eller grammatik i landsmaalet /
4

(1905) [MARC] Author: Marius Hægstad - Tema: Textbooks for schools
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Maallæra - Setning - Ordklassor

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

setning er ei samling med ord som det er ein
heil meining i: soli skin.

§ 3. I setningi lyt det alltid vera einkvar
som er umtala, og som gjer eitkvart eller som det
hender eitkvart: soli skin; barnet søv. Denne
setningsleden kallar me subjekt (hovudled).

§ 4. Like eins lyt det i setningi verta sagt
eitkvart um subjektet: soli skin; barnet søv.
Denne setningsleden kallar me prædikat (umtaleled).

Merkn. Subjektet kann ein stundom utelata: kom!
(meint: kom du); gjeve det var so vel (meint: Gud gjeve det
var so vel
); alt for fedrelandet (meint: me vil ofra alt for
fedrelandet
).


*



§ 5. Setningi er samansett av ord. Ordi vert
skipa i ti klasser eller flokkar, som me kallar
ordklassor, soleis at kvart einskilt ord i maalet høyrer
til ei av desse klassorne. Ordklassorne er:

§ 6. Namnord (tingord, substantiv) kallar me
dei ordi som er namn paa folk, dyr, ting, og paa
alt som me kann tenkja oss som folk eller ting:
gut, ørn, hus, von (ho, som ei kvinna), hogg.

Merkn. Namnordi vert skipa i tri hopar:

1. Samnamn (appellativ), aalmenne namn paa ting
som det er ei mengd utav: gut, stol.

2. Sernamn (proprium), sereige namn paa ting som
det finst berre ein utav: Olav, Norig.

3. Reinskilde namnord (abstrakt), namn paa
ukroppslege eller reinskilde umgrip: slag, svevn, lengd, breidd.


§ 7. Eigenskapsord (adjektiv) er dei ordi
som syner korleis ein ting ser ut eller er voren:
svart lamb; stor sorg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Nov 21 02:07:40 2020 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/norskmaall/0006.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free