- Project Runeberg -  Norsk maallæra eller grammatik i landsmaalet /
5

(1905) [MARC] Author: Marius Hægstad - Tema: Textbooks for schools
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Maallæra - Setning - Ordklassor

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


§ 8. Pronomen (løysningsord) er slike ord
som me brukar i staden for namnet paa tingen:
eg, du, han, kven?

§ 9. Talord (numeral) kallar me dei ordi
som me tel med: ein, tvo, tri o. s. fr.; den fyrste,
den andre
o. s. fr.

§ 10. Kjenneord (artiklar) kallar me nokre
smaa ljodlette ord som vert aatlagde namnord og
eigenskapsord. Det er tvo slag kjenneord;

det ubundne kjenneordet er: ein, ei, eit; ein
mann, ei kona, eit barn, ein stor foss;


det bundne kjenneordet heiter i lag med
eigenskapsord: den, det, dei, og vert daa sett
framanfor; t. d. den store fossen, det hvite huset, dei høgste
nutarne.
— I lag med namnord vert det upp i ei
ending: -en, -i, -et; -ne i: bjørnen, soli, huset;
gutarne, skaalerne, husi.


Merkn. Naar den, det, dei stend framfor namnord
(den mannen), hev det sterkare ettertrykk og er ikkje
kjenneord, men peikande pronomen.


§ 11. Gjerningsord (hendingsord, verb)
kallar me dei ordi som syner at eitkvart hender eller
gjeng for seg: føra, syngja, bjoda, fara.

Merkn. 1. Naar gjerningi verkar paa eitkvart, kallar
me gjerningsordet paaverkande (transitivt): aa slaa fienden.
Slike ord er: dikta, føra, gjeva, taka. Naar gjerningi ikkje
gjeng ut yver noko, kallar me ordet upaaverkande
(intransitivt). Slike ord er: drøyma, døy, ganga, koma, vaka.

Merkn. 2. Det er gjerningsordet som skapar
prædikatet. Nokre gjerningsord som etter sitt vanlege bruk ikkje
kann staa aaleine, men treng eit namnord eller eigenskapsord

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 21:11:55 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/norskmaall/0007.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free