- Project Runeberg -  Norsk maallæra eller grammatik i landsmaalet /
6

(1905) [MARC] Author: Marius Hægstad - Tema: Textbooks for schools
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Maallæra - Setning - Ordklassor - Ljodlæra

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

i lag med seg, kallar me usjølvstøde gjerningsord: han er
stor.
Slike ord er: vera, verta (bli, bi), heita, kallast.


§ 12. Adverb (utfyllingsord) er slike ord som
ofte vert aatlagde eigenskapsord og gjerningsord
og gjev deim ei viss vending i tydingi: baaten er
noko stor; han er svært stor. Guten skriv godt.


Merkn. Eit adverb kann ogso verta aatlagt eit anna
adverb: han gjekk ikkje langt.


§ 13. Præposisjonar (styreord) er dei ordi
som merkjer ut eit høve millom ymse ting: boki
ligg paa bordet; hunden ligg under bordet,
lampen heng yver bordet. Han er reist til Amerika.


§ 14. Bindeord (konjunksjonar) er dei ordi
som bind saman ord eller setningar: sol og maane.
Det gode gjerest medan det vonde gjeng.


§ 15. Utropsord (interjeksjonar) er slike ord
som berre vert bruka i utrop: au! aa hei, aahaa!

Merkn. Adverb, præposisjonar, bindeord og utropsord
kallar me med eit namn smaaord (partiklar).


*



Ljodlæra.



§ 16. Ordi er samansette af ljodar.
Ljodarne vert merkte med teikn som me kallar
bokstavar. Dei bokstavarne som er brukelege i vaart
maal, vert rada soleis:

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V X Y Z Æ Ø Aa
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v x y z æ ø aa


Merkn. C, Q, X, Z (c, q, x, z) kann ein nytta berre i
framandord.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Nov 21 02:07:40 2020 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/norskmaall/0008.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free